JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Nostalgisk preg på memoarboka

Mykje var betre før i tida, får ein inntrykk av i memoarboka til Thorbjørn Jagland.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein glad Thorbjørn Jagland (Ap) tok over som statsminister 25. oktober 1996.

Foto: Gunnar Lier Scanfoto / NTB

6692
20201106
6692
20201106

Sjølvbiografi

Thorbjørn Jagland:

Du skal eie det selv. Memoarer fra et politisk liv

Cappelen Damm

Omslagsbiletet på Thorbjørn Jaglands memoarbok syner oss forfattaren der han sjølv skriv han kjenner seg friast – i norsk skogsterreng, traust turkledd med sekk på ryggen, på veg opp og fram med lange steg. Kontrasten er slåande til biletet på framsida av boka til Hadia Tajik, hyperurban og ultrafeminin i fløyelsdress og stiletthælar. Jaglands foto spelar på historia. Han går i fotspora til landsfaderen sjølv, Einar Gerhardsen. Kva enn Tajik måtte ynskje å få fram med biletet sitt, er det i alle høve ikkje historie.

Fridom og historie er dei to hovudtemaa i boka. Forfattaren er glad i historie, men det ser ikkje ut til at kjærleiken er gjengjeldt. Jagland sit fast i historia. Han slit med å gjere seg ferdig med tida som partisekretær, partileiar og statsminister. Side på side går med til å rettferdiggjere seg og plassere skulda for alt som gjekk gale på andre. Han legg ut om kor grovt misforstått han vart, motarbeidd i det løynde av motstandarar i og utanfor hans eige parti og fullt offentleg av pressa. Dei verste var tidlegare partisekretær Haakon Lie og VGs Olav Versto, som gjekk saman om å ta han, etter det Jagland trur.

Partiets eiga historie vende seg mot han. Den eine beingrinda etter den andre ramla ut or skapet. Arven frå den kalde krigen la seg som ein taukveil rundt beinet på partileiaren og heldt han fast i ei rekkje av skandalar – alt frå CIA-støtte til AUF, politisk overvaking og til sist «Berge Furre-saka», som dreiv han til å kaste Grete Faremo ut av regjeringa. Særleg denne siste saka greier forfattaren ut om i keisam detalj, utan at lesaren blir stort klokare på kva dette var for noko. Det avgjerande vert til slutt ein klatt korrekturlakk på eit papir.

Heltar

Boka har to heltar. Den eine er Gro Harlem Brundtland («en virkelig stor nordmann»). Den andre er Willy Brandt. Det som gjorde dei store, var evna til å forstå og «gripe historiens moment», skriv Jagland. Samanlikna med dei står Jagland fram i si eiga bok som eit døme på det stikk motsette. Som partileiar og nyslått statsminister i 1996 lanserte han «det norske hus», der vi alle skulle bu i framtida, i tryggleik og fridom. Det kjendest som eit gufs frå fortida. Knapt nokon ynskte å leve innestengd i dette huset, og «samråda» som statsministeren ynskte, vekte liten entusiasme. Skulle alle gå i studiesirkel som i AUF?

Jagland forstod ikkje reaksjonane den gongen, og han gjer det ikkje no i ettertid heller. Men når vi les boka, blir vi andre litt klokare på kvifor han ikkje skjønte det. Orda tydde noko anna for han, slik han forstod landet og seg sjølv i ljos av historia.

Stolt plasserer forfattaren seg i tradisjon frå Marcus Thrane og Christopher Hornsrud, begge frå Buskerud som han sjølv – ein tradisjon for auka fridom, slik han ser det. Familiehistoria vert òg gjeven brei plass. Boka vert ei hylling av dei som sleit som husmenn i fattige kår, dei som trass i armoda heldt håpet og menneskeverdet høgt og engasjerte seg i kampen for rettferd og fridom. Far hans tok steget frå industriarbeidar til fylkessekretær i Arbeidarpartiet. Partiet hadde opna for ei framtid som tidlegare slekter knapt hadde kunna vona, med arbeid og utdanning og hus til alle. Jagland vart fyrste artianar og student i slekta, men det var i fotspora til forfedrane han ynskte å gå då han melde seg inn i AUF og vigde seg til politikken.

Skildringa av slekta, av besteforeldra og foreldra er eit høgdepunkt i boka. Der han skriv om mora som sleit med vaskejobb på skulen og snudde på skillingen for å syte for familien, vert framstillinga heva til stor litteratur.

Nostalgi

Men det er ikkje til å kome ifrå at boka får eit sterkt preg av nostalgi. Mykje var betre før i tida. Rett nok sleit folk, men dei var nøgde med lite og delte det dei hadde. Solidaritet vart halde høgt i hevd. Det fanst verdiar som er gått tapt i vår tid. No tenkjer folk mest på seg sjølv, og mykje vil ha meir. Solidariteten har gått tapt.

Politikken var òg betre før. Før «journalismen tok ideologienes plass», som Jagland sjølv sa då han overtok som partileiar i 1992. Ein måtte kjempe for «partiene som holder demokratiet oppe».

Jagland var leiar for Arbeidarpartiet i ti år. Likevel får vi lite kunnskap om kva partiet eigentleg var for noko. Det blir mest intrigar på Youngstorget og kamp med media. I ettertid kan vi sjå at det i denne tida skjedde eit seismisk skifte i korleis politikk vert driven. I boka les vi at Jagland observerte og analyserte, men han makta ikkje å ta leiarskap i ein ny røyndom.

Jagland vart statsminister i ei tid då omgrepet «fridom» hadde fått nytt innhald. Fridomen i kollektivet som Jagland voks opp med og heldt fast ved, gav ikkje god meining i eit samfunn der individets rett blei det sentrale. Dette var «historiens moment», men Jagland var ikkje mannen til å gripe det. Fortida heldt han fast.

Omslagsbiletet gjev ikkje berre assosiasjon til landsfader Gerhardsen, men òg til eit anna heilnorsk ikon: 91 Stomperud på utmarsj med tung ryggsekk. «Ideligen er det je som får dom verste jobbene», kunne ha vore ein dekkjande tittel på boka, der Jagland snublar seg fram mot makthøgdene, til han går av som statsminister etter eit dårleg val i 1997 og blir kasta som partileiar i 2002.

Avgangen i 1997 gjev han ei overtydande forklaring på. Talet 36,9 var ikkje dumskap. Partiet styrkte ikkje stillinga si etter valet, og det fanst ikkje parlamentarisk grunnlag for å halde fram. Like overtydande, men heilt ufriviljug, er framstillinga hans av kor naudsynt det var for Arbeidarpartiet å bli kvitt han som leiar i 2002. Dei andre i leiinga hadde ikkje noko anna val enn å møtast i løynd og få han vekk, etter det Jagland skriv. Dei kunne ikkje ha ein leiar som ikkje stilte seg bak si eiga regjering, og som ikkje tok ansvaret for valnederlag. Som utanriksminister hadde Jagland fått ein heilt annan arena å boltre seg på, og av boka går det fram at det var her hjartet hans låg.

Som Stomperud har sin 87, har Jagland òg ein rival. Sjalusi og mindreverdskjensle pregar skildringa av Jens Stoltenberg i boka, og kjenslene er ikkje blitt mildare med åra. Vi unner Jagland at han kan ta med i boka at Hillary Clinton la handa på aksla hans, vende seg til ektemannen Bill og sa: «The handsomest man in NATO.» Men det var før Jens Stoltenberg entra denne arenaen.

John Peter Collett

John Peter Collett er professor emeritus i historie ved Universitetet i Oslo og fast skribent i
Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Skildringa av slekta, av besteforeldra og foreldra er eit høgdepunkt i boka.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis