Nordmannen som vart borgarkrigshelt i USA

Boka om Heg er solid historieskriving. Odd S. Lovoll har gjort eit stort kjeldearbeid og fått fram nye og ukjende sider ved livet til Heg.

Statuen av Hans Christian Heg i Madison.

Bok

Publisert Sist oppdatert

Kven var denne mannen som vart symbolsk halshogd i Madison? Hans Christian Heg var motstandar av slaveriet, ein svært populær oberst og leiar for det 15. Wisconsin infanteriregiment. Dette regimentet vart kjent som det norske regimentet i den amerikanske borgarkrigen.

No ligg biografien om han føre. Forfattaren av boka er Odd S. Lovoll, professor emeritus ved St. Olaf College i Minnesota og ved Universitetet i Oslo. Lovoll har skrive mange bøker om norsk innvandring til USA og norsk-amerikansk historie, og han er rekna som den fremste eksperten på norsk innvandring til USA i dag.

I føreordet i boka skriv Lovoll at sjølv om Heg og familien hans har hovudrolla, vil han også leggja vekt på den sosiale og historiske konteksten Heg inngår i. Her gjeld det perioden 1820–1860, med oppvekst, utvandring og Hegs rolle i det norsk-amerikanske og amerikanske samfunnet. Slik vert livssoga til Heg ein del av både norsk, amerikansk og norsk-amerikansk historie.

Haugianar

Hans Christian Heg var fødd den 21. desember 1829 i Lier. Lovoll gir eit godt oversyn over dei sosiale, økonomiske, politiske og religiøse forholda i distriktet i åra frå 1820–1850. Familien til Heg var haugianarar, og dei sosiale og religiøse forholda i Lier sette nok sitt preg på ungguten. Lovoll gjer òg grunding greie for den tidlege utvandringa frå distriktet og landet elles som familien vart ein del av då dei utvandra i 1840 og slo seg ned i nybyggjarsamfunnet Muskego i Wisconsin.

Her stod faren hans, Even, fram som ein politisk og religiøs leiar for norske innvandrarar. Låven på garden deira vart brukt til både sosiale og religiøse samlingar, og på garden vart den første norske kyrkja i USA bygd.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement