JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Noko er rote på Nordkalotten

Ann-Helén Laestadius skriv om bitre etniske konfliktar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ann-Helén Laestadius er forfattar og journalist, frå Kiruna i Sverige.

Foto: Thron Ullberg

3652
20220311
3652
20220311

Roman

Ann-Helén Laestadius:

Stjålet

Omsett av Gøril Eldøen og Magne Tørring
Aschehoug

Laestadius har tidlegare skrive barne- og ungdomsbøker. Det er kanskje barneportretta som er det aller sterkaste kortet også i Stjålet, den første vaksenromanen hennar. Forfattaren har elles ei sikker hand om spenningsoppbygging og personkarakteristikkar, i ei bok med eskalerte konfliktar og ein dramatisk nerve som gjer at ho stundom tenderer mot krimsjangeren.

For «søringar» som meg er det opplysande og interessant å få innblikk i dei sterke motsetnadene mellom ulike etniske grupper på Nordkalotten. Akkurat denne historia byggjer visst delvis på verkelege hendingar i Nord-Sverige, men ein finn den same uroa mellom folkeslaga over heile Sápmi.

Eit øyre i snøen

Vi møter hovudperson Elsa då ho er ni år. I ei sterk opningsscene ser ho reinkalven sin bli drepen av ein mann frå nabobygda som nærast har det som tidsfordriv å mishandle og drepe rein frå Elsas familie og andre reineigarar. Ho finn det vesle øyret etter den elska kalven og tar vare på det, men tør ikkje fortelje nokon om kva ho har sett. Straks er lesaren kasta inn i det nesten krigsliknande tilhøvet mellom svenskar (og finnar) og samar. Det handlar om tilgang til beiteland og naturområde, men òg om fordommar og nedervd mistru. Hatet går som ein blodig tråd gjennom generasjonane, det går på livet laus. Noko av det både tristaste og bitraste kjenner ein att frå overalt i verda der det finst etnisk uro: at også små barn blir opplærte til å halde hatet varmt og føre det vidare.

Foreldra melder reindrapet til politiet, dei har gjort det same etter slike brotsverk bokstaveleg tala hundre gonger før. Dei veit kven som drep reinsdyra, dei kan leggje fram bevis. Politiet har likevel alltid noko meir presserande føre. Sviket frå storsamfunnet gjer dei bitrare og bitrare år for år.

Samane har fått lovfesta mange rettar i dei skandinaviske landa. Dei står likevel makteslause når store delar av lokalbefolkninga manglar respekt for den eldgamle kulturen deira og tar seg til rette utan at det får juridiske følgjer. Særleg for unge menn blir maktesløysa så stor at sjølvmord blir utgangen.

Ætta

Laestadius har sjølv samisk bakgrunn, og kor sympatien ligg, er det aldri tvil om. Ho lar lesaren bli kjend med skikkar og sedar i dette samfunnet: dei tette familiebanda, den både praktiske og mytiske nærleiken til reinen og naturen, og ikkje minst dei sterke slektsbanda. Her er det ætta som bestemmer kven ein er – på godt og vondt. Har ein ikkje slektsboka i orden, har ein ikkje talerett. Det har Elsas mor fått merke. Ho er ei rivgu altså ei ikkje-samisk kvinne eller berre delvis samisk, og det er ikkje godt nok. Forfattaren legg ikkje fingrane imellom når det gjeld også negative utslag av samekulturen, som utslag av mannssjåvinisme.

Ikkje berre må samane slåst for rettar og beitetilgang dei er heilt avhengige av, for å kunne drive med det dei har halde på med i tusenår. På toppen kjem klimaendringar som gjer livet for dei og reinen vanskeleg.

Romanen har over 400 sider og er ei tradisjonell forteljing. Vi følgjer Elsa til ho som vaksen tar tak i det som har plaga henne sidan barndommen. Boka er fint utstyrt med ordforklaringar. Stundom lar forfattaren den pedagogiske iveren gå vel langt og tværar ting ut så det heile blir overtydeleg, men ikkje verre enn at ein med interesse les vidare.

Eg finn ingenting som luggar i den norske omsetjinga.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er lektor, forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Her er det ætta som bestemmer kven ein er – på godt og vondt.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis