Bok
Nobel forteljekunst
Det er berre å gi seg over for Olga Tokarczuks fabulerande fantasi.
Olga Tokarczuk er av dei mest kjende forfattarane i Polen og fekk Nobelprisen i litteratur for 2018.
Foto: Lukasz Giza
I 2019 fekk polske Olga Tokarczuk Nobelprisen i litteratur for 2018, og noko liknande har aldri før hendt i historia til Svenska Akademien. Dei som har følgt meetoorabalderet rundt denne ærverdige institusjonen i svensk kulturliv, skjønner at slik måtte det bli.
Tokarczuk blei introdusert for eit norsk publikum i 2012 med romanen Løperne, men det var først med nobelprisen og den økokrimaktige romanen Før plogen din over de dødes knokler at ho fekk eit større publikum. I år er ho igjen aktuell med novellesamlinga Bisarre fortellinger, ti noveller som gir det tittelen lovar: bisarre forteljingar som følgjer ulike litterære spor og ulike stilnivå frå langt tilbake via vår eiga samtid til langt fram i det ukjende.
Rasjonelt og intuitivt
Typisk for Olga Tokarczuk er at ho balanserer det rasjonelle og det intuitive, det intellektuelle og det emosjonelle; ho utforskar yttergrensene og har eit perspektiv på verda som femner vidt og opnar for ei forståing av at mennesket er underlagt naturen og ikkje omvendt. Samtidig pirkar ho borti det ubehagelege og fortrengde i polsk historie og polsk samtid – det vere seg holocaust, kyrkjas dobbelmoral, kjønnsidentitet, abort, feminisme, dyrevelferd, ja, i det heile tatt polsk mannssjåvinisme, og ho gjer det med eit skarpt blikk for menneskeleg dårskap. Ho er respektert, men langt frå populær hos den politiske høgresida, og nyleg melde ho seg ut av den polske forfattarforeininga i protest mot opprettinga av eit statleg litteraturinstitutt kontrollert av styresmaktene.
Dei ti novellene i årets bok ligg alle i grenselandet mellom det realistiske og det surrealistiske. I fleire av dei lener ho også mot science fiction-sjangeren i sterkt fantasidrivne forteljingar. Den siste, «Menneskenes helligdagskalender», er sjølve høgdepunktet og ei eineståande dystopisk fabulering kring religiøse ritual og dyrkinga av ein frelsar, Monodikos, «Han som fører an mot Fremtiden» og blir omtalt som den eineståande, den unike og den fullkomne, omgitt av legender og mystikk og særleg det fenomenet at han dør og gjenoppstår ein gong kvart år. Framstillinga blir formidla gjennom Ilon, massøren til Monodikos, ei stilling som har gått i arv frå far til son så lenge Monodikos har eksistert – i nøyaktig 312 år. Eg vil tru at den kritiske ironien i dette er retta mot den katolske kyrkja.
Ei tenkt framtid
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.