Bok
Nederlagstriumfen
Éric Vuillard vender seg både til hjartet og til hjernen.
Éric Vuillard utforskar den tyske bondekrigen i åra 1524–25.
Foto: Solum / Bokvennen
Nokre veker i fjor haust gjekk det ein debatt i Dag og Tid kring Martin Luthers bidrag til demokrati, ytringsfridom, likestilling og menneskerettar, ikkje nødvendigvis i hans eiga samtid, men for ettertida. Fleire har også peika på Luther som ein intolerant religiøs fanatikar som leverte premissa for eit sosialt opprør han sjølv tok avstand frå. Dei fattige trudde kanskje at Luther var deira mann. Det var han ikkje. Det var Thomas Müntzer som stod i spissen for den tyske bondeoppstanden i 1524–1525. Luther, derimot, bad fyrstane slå ned bøndene «som gale hunder».
Bondeopprør
Éric Vuillards De fattiges krig handlar om dette, og over 60 korte og komprimerte sider kastar han lys over ei tid prega av sosial uro, karismatiske forkynnarar og draumen om rettferd for dei fattige og rettslause. Han trekkjer liner tilbake til England og kjettaren John Wycliffe (1328–1384) som «lovpriste likheten mellom mennesker», og som 40 år etter at han døydde, blei graven opp og brend etter vedtak av konsilet i Konstanz. Ideane til Wycliffe fyrte nemleg opp fattigfolket til opprør mot godseigarstand, adel og kongemakt som enda i at opprørarane gjekk i den fella dei gjerne gjekk i før i tida: ei blind tru på at kongen er landsfaren som vil det beste for alle.
Også Jan Hus (1369–1415) i Böhmen er ein viktig inspirasjon for dei tyske bondeopprøra, over hundre år etter at han blei avretta på bålet, og som i England, er det forkynning på folkespråket som piskar opp stemninga og skremmer den verdslege makta og pavekyrkja til drastiske tiltak.
Håp om forandring
Thomas Müntzer (1489–1525) var prest og teolog. Han forkynte og skreiv på tysk, og han hadde ei eiga evne til å få massane med seg i kravet om rettferd og likskap: «de mektige avstår aldri noe, hverken brød eller frihet». Folk flokkar seg rundt han, han blir frelsaren som vil opprette Guds rike på jorda, han tenner eit håp om forandring, og han går ikkje av vegen for å bruke vald: «De gudløse herskerne må drepes.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.