Bok
Ned med familien, staten og religionen
Surrealisten Leonora Carrington skriv med sus og smell.
Leonora Carrington voks opp i England, men enda opp i Mexico, der ho arbeidde som kunstnar.
Foto: Emerico Weiz
Surrealistane er kanskje aller mest kjende som biletkunstnarar, men rørsla omfatta mange kunstuttrykk. Britisk-meksikanske Leonora Carrington er ei av ikkje så mange kvinner frå dette miljøet som er kjend for ettertida. Ho var skapande alt på 1930- og 40-talet, og heldt fram med å lage særmerkte bilete og skrifter heilt opp mot vår tid. (Som heltinna i Høyreluren vart ho langt over 90 år gamal.) Høyreluren vart skriven på 1950-talet, men endeleg utgitt i 1974.
Dette er ein tekst så full av overraskande vendingar og påhitt at han innimellom er noko krevjande å lese, men først og fremst er han morosam og djupt original.
Hoppla, vi lever
Historia byrjar nokolunde realistisk, men alt frå første side gir Carringtons forfriskande ukonvensjonelle innslag og livlege språkføring seg til kjenne. Ganske snart skal det ta heilt av. 92-årige britisk-fødde Marian bur litt på nåde hos sonen og familien hans i eit land som liknar på Mexico. Ho har ikkje så god kontakt med familien, dei ho er mest knytt til i heimen, er to kattar og ei høne.
Marians draum er ikkje så mykje å kome attende til Storbritannia som å reise til «Sameland». I ein visjon susar ho av garde i hundeslede over snøen. Av og til får ho brev og kort frå mor si som er langt over 100 år (nødvendigvis) og stadig på reise rundt i Europa. Alder er sjeldan noka hindring i dette universet, men Marian innrømmer at ho høyrer dårleg. Difor er det så fint at bestevenninna Carmella gir henne ein høyrelur i presang. Det er praktisk, men fører også til angst og uro: Ho tjuvlyttar på sonen og kona og oppdagar at dei vil tvinge henne inn på ein aldersheim.
Denne aldersheimen er likevel lysår frå slike heller gledeslause og nedstrippa institusjonar som vi plasserer våre gamle på i dag. Her bur rundt ti eldre kvinner – snart skal vi forresten sjå at ei av dei ikkje er kvinne – i kvar sin fantasifulle bustad inne i ein stor hage. Marian får tilhald i eit utkikstårn, medan dei andre bur i hus forma som flugesopp, iglo og så bortetter. Det er nesten som ein kardemommebypark for eldre menneske. Snart skal det likevel syne seg at her er slangar i paradiset. Aldersheimen blir driven av eit despotisk ektepar. Her må ein revolusjon til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.