Naturalisme på amerikansk
Joyce Carol Oates byr på ein tour de force gjennom fleire generasjonar av arbeidarklasseliv.
Joyce Carol Oates har jamt blitt nemnt som kandidat til Nobelprisen i litteratur.
Foto: Dustin Cohen / Pax
Roman
Joyce Carol Oates:
de der
Omsett av Bente Klinge
Pax
85 år gamle Joyce Carol Oates har ein enorm produksjon bak seg. Ho har særleg vore opptatt av kvinners liv og vald mot kvinner, og blir stadig nemnd som ein kandidat til nobelprisen i litteratur.
Romanen de der kom ut i 1969. Frå før finst 16 titlar av forfattaren på norsk. Var det då naudsynt å omsetje denne romanen nett no? Som eit bidrag til ei større forståing av det for tida nokså uskjønelege USA, nasjonen som snart kan stemme fram presidenten som har demonstrert at målet hans er å rive ned landets demokratiske tradisjonar, er boka særs viktig.
Vald og rasisme
Dei seks hundre sidene fortel om livet til ein arbeidarklassefamilie gjennom tre tiår. Det byrjar på tampen av dei tøffe 1930-åra. Dei neste tiåra gav velstand og vekst for ein stor del av det amerikanske folket, men løfta likevel ikkje alle ut av fattigdomen eller den konstante kjensla av å vere på botnen. Rettare sagt er dei nest nedst, lengst nede er jo dei svarte.
For desse kvite fattige er det særs viktig å markere avstand til afroamerikanarane, rasismen er sterk. I det siste kapittelet blir det kjente Detroit-opprøret i 1967 skildra. Bakgrunnen var at særleg svarte arbeidarar og arbeidslause protesterte blindt og vilt mot dei elendige kåra dei levde under, og mot rasismen i politiet og det amerikanske samfunnet.
Valden merkjer og følgjer familien Wendall. I opningskapittelet møter vi den pur unge Loretta som skal ut på livet ein laurdagskveld. Ho tar kjærasten med heim og har sin seksuelle debut. Utpå natta vaknar ho bokstaveleg tala med eit brak. Ungdomen som har sove på puta ved sida av henne, døyr i ein blodpøl, skoten i hovudet av Lorettas bror.
I frykt for å kome i trøbbel, broren er over alle haugar, gifter Loretta seg med politimannen som kjem til åstaden. Dei tre barna dei snart får, veks opp i ymse fattigkvarter i Detroit. Byen er nesten ein eigen karakter i boka, levande framstilt.
Det er dei to eldste barna, Jules og Maureen, som blir hovudpersonane. Vi følgjer dei frå barndom til ungdom og som unge vaksne. Loretta kjem i bakgrunnen. Noka god mor er ho langt ifrå. Eg har sjeldan lese om eller høyrt nokon skjelle ut sine eigne barn på den måten ho og andre foreldre i denne boka gjer. Med ei slik oppseding er det mest eit under om ein blir eit heilt og sunt menneske.
Naturalisme
Karakteren vi kjem mest under huda på, er Maureen. I forordet fortel Oates at ho her byggjer på ein autentisk person som ho har hatt kontakt med. Det er gripande å følgje den unge kvinna som freistar å klore seg til eit betre tilvære, kome vekk frå den materielle og sjelelege armoda ho er fødd inn i. Maureen er skuleflink, går på biblioteket så ofte ho kan, låner ei mengd bøker. Men ho elskar også å vere der fordi det er så fredeleg, i motsetnad til fylla og spetakkelet heime.
Frå dei næraste møter ho inga oppmuntring. Broren distanserer seg frå familien så fort han er gamal nok. Jules er også smart, men bruker evnene sine til eiga vinning. Snart fell han inn på den kriminelle løpebanen som kan synast staka ut for slike som han.
Den naturalistiske tendensen i romanen er til å skjere seg på. I tanke og tendens har Oates mykje til sams med Amalie Skram, som òg synte oss livet til familiar der elendet berre vart verre for kvar generasjon. «Fra den dag av drakk både mannen og konen på Hellemyren», som det står i Hellemyrsfolket. I Amerika er sjølvsagt alt større og verre. Drikking og «denging» er noko ein må rekne med, her høyrer skyting og drap med til arven.
de der er ein imponerande prestasjon i breidde og detaljrikdom. Stilistisk hender det boka haltar. Undervegs i lesinga stussa eg over enkelte formuleringar og vart usikker på om det var omsetjinga eller originalen. Eg trur helst det siste. Klinge har jamt over eit godt lag med omsetjinga av denne svære og mangslungne romanen.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.