Bok
Når stjerner eksploderer
Jan Kjærstad har skrive ein referansespekka roman.
Jan Kjærstad har skrive ei hyllest til vanlege fedrar, som kan hende ikkje er så vanlege som ein trur, skriv forlaget.
Foto: Mette Solberg Fjeldheim
På sakprosafestivalen på Litteraturhuset i Oslo 12. oktober i år heldt den danske forfattaren Carsten Jensen eit foredrag om kor destruktivt det antroposentriske (menneskesentrerte) leveviset vårt er. Jensen har lite tru på at teknologi og kunstig intelligens skal løyse problema. Slike aktuelle spørsmål ligg nok i underteksten i Kjærstads nyaste roman. Hovudpersonen sit nemleg i Genève med utsikt til Cern, Den europeiske organisasjonen for kjernefysisk forsking, og staden der verdsveven blei skapt.
På overflata er boka ein sprenglærd underhaldningsroman med islett av asiatiske gangsterfilmar. I kjend stil har Jan Kjærstad konstruert ei sinnrik soge om sonen til ein leiketøyshandlar som blir nobelprisvinnar i fysikk. Mr. Wolf er mellom anna ein verkeleg restaurant i Hongkong, byen der mykje av handlinga i romanen går føre seg. Namnet er berre éin av eit sant mylder av referansar i boka. Leik er eit sentralt motiv, både fysiske leiketøy for barn og forteljing og språk som leik med ord. Leik og alvor er ikkje motsetnader i Kjærstads univers. Aller mest leikar forfattaren seg med alle referansane sine, ein leik denne lesaren går lei av.
Lost in Hong Kong
William Abelson, nobelprisvinnaren, er i Sveits med biografen sin for å utdjupe og utfylle vesentlege samanhengar frå livssoga si. Det er rammeforteljinga rundt ei handling som hoppar fram og tilbake i tid, i små og store sprang. William er ikkje nokon sympatisk figur, han opptrer sjølvgod og arrogant i samtale med biografen, ei samtale der vi berre får servert Williams replikkar. Han har levd eit brokete liv, som ung fekk han problem med narkotika og blei redda av systera. Liz og William var nær knytte til kvarandre som barn, blei morlause midt i barndomen, men har lite kontakt som vaksne. Liz forsvinn, og det er faren som sender William av garde til Hongkong for å finne henne. I den austlege metropolen hender mangt merkeleg og underleg med og rundt William.
Først heilt mot slutten finn han Liz, ei kvinne som for lengst har fått mytiske dimensjonar gjennom det idealiserte blikket til veslebroren. Kjærstad er god til å skrive fram sære og originale detaljar for å definere ein karakter. Likevel blir ikkje personane heilt verkelege for oss i dette mylderet, og fleire av karaktertrekka grensar mot det overnaturlege.
Mørk materie
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.