JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Nær og detaljrik sovehistorie

Aldri har eg kome så nær dei sovande i norsk historie som her.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Feltsenger kan slåast saman og stuvast vekk når dei ikkje er i bruk.

Foto frå boka / Hedmarksmuseets fotoarkiv

3876
20230317
3876
20230317

Sakprosa

Bjørn Sverre Hol Haugen:

Søvn. Ei kulturhistorie

Skald forlag 2022

Er det vanleg å sove i fjøset heime hjå deg? Kor mange gonger i døgnet søv du? Har du borna med deg i senga? Svara på slike spørsmåla seier mykje om kva kultur eit menneske høyrer heime i. Biologisk sett har me alle den same trongen til søvn, men alle kulturar organiserer søvnen på ulike vis. Denne nye boka med tittelen Søvn. Ei kulturhistorie byggjer difor på ein framifrå idé.

Kjærleik til stovene

Forfattaren, etnologen, kulturhistorikaren og museumsmannen Bjørn Sverre Hol Haugen er sjølv varsamt og fint til stades i boka. Boka vitnar om ein djup kjærleik til stovene og gjenstandane på folke- og bygdemusea våre og handlar fyrst og fremst om sovelivet på bygdene gjennom 1700- og 1800-talet. Haugen tek oss med frå hus til hus rundt om i landet, til senger og sengeklede, lopper og lus, nattefriing, soveplassar i fjøs og uthus, seksualliv og juleskikkar.

Han fortel korleis folk i det gamle bondesamfunnet stod opp midt på natta. Først med mekaniseringa av landbruket byrja ein å dryge søvnen heilt til seks om morgonen. Forfattaren boblar over av forteljeglede i ein tekst som er vakkert pakka inn i den solide bokbunaden til Skald forlag, med lekre illustrasjonar og fotografi.

Aldri har eg kome så nær dei sovande i norsk historie som her, ikkje eingong i romanar frå norsk folkeliv. Det er som eg kjenner halmmadrassen mot ryggen under lesinga, verkjer i kroppen frå orda om ligginga på den harde brisken i tømmerkoiene, lukta stig opp frå kyrne til sengelemmen i fjøset, og det kitlar i halsen medan boka fortel om røyken over dei sovande i årestovene i Setesdal.

Detaljkunnskap

Forfattaren har detaljkunnskap som gjer det mogleg å zoome inn på mange aspekt kring sengene i Noreg på 1700- og 1800-talet. Men av og til driv Haugen det for langt. Som når han skriv side opp og side ned om nyansane i barselgrautskikkane frå dal til dal. Kan hende låg mora til sengs då gjestene kom med grauten, men særleg sentralt i ei bok om søvn er ikkje dette.

Nokre gonger synest også det museale utgangspunktet til forfattaren litt for trongt. Spørsmålet om i kva grad folk sat og sov i gamle dagar, knyter han til ei måling av lengda på sengene i nokre av bygdemusea. Dei er nemleg ikkje så korte som folk trur! Likevel må Haugen medgje at minnesmateriale fortel om at mange sat og sov på 1800-talet.

For å forklare dette peiker han på at folk ikkje sov åleine i sengene, og at sitjinga truleg vart praktisert for ikkje å forstyrre sengekameraten gjennom natta eller for å gje plass til borna som sov på tvers ved sengegavlen. Men å sitje og sove er ikkje nokon særeigen norsk skikk, og her saknar eg ei vidare samanlikning med europeiske kjelder.

I museumsfella

På eit sentralt punkt tykkjer eg at Haugen går i den tradisjonelle museumsfella med å gjere det gamle bondelivet betre enn det var. Ei kulturhistorie om søvn må også handle om dårleg søvn og søvnløyse. Rett nok har han eit eige kapittel om «søvnløse netter», men her tek han for seg festing, nattefriing og seksualvanar – alt det morosame folk kan finne på i staden for å sove om nettene. Dårleg søvn og søvnløyse kjem ifølgje boka først med borgarskapet i byane på 1800-talet.

Kan hende speglar ståstaden til forfattaren seg i nokre av lyta i boka, men det er nok også den smittande kjærleiken hans til det folkemuseale som bringar oss så tett på dei som gjekk til sengs i gamle dagar.

For dei kulturhistoriske interesserte og dei som travar ikring i stovene på folkemusea våre, er Bjørn Sverre Hol Haugen ein omvisar bodsend frå gudane. Det er berre det at nokre gonger saknar eg ein djevel med gaffel som kunne ha skunda litt på han og samstundes kome med eit par–tre kritiske spørsmål.

Øystein Morten

Øystein Morten er forfattar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis