Når jorda er ei frukt
Erica Jong skriv biletrikt med stort språkregister i lyrikken.
Det internasjonale gjennombrotet til Erica Jong kom i 1973. Diktsamlinga som no er utgjeven på norsk, kom ut to år tidlegare.
Foto: Mary Ann Halpin
Lyrikk
Erica Jong:
Frukt & grønnsaker
Gjendikta
av Knut Johansen
Oktober
Kanskje er Erica Jong mest kjend som amerikansk romanforfattar, til dømes med bestseljaren Jeg tør ikke fly frå 1973. Men Jong debuterte som lyrikar og har utvikla ein større lyrisk forfattarskap. Og ei ny diktbok, The world began with yes, skal vere på veg no i mai. At ein forfattar driv vekselbruk mellom diktboka og romanen, er i seg sjølv eit interessant fenomen. Hos Jong verkar til dømes ikkje feminismetematikken å endre seg grunnleggjande om ho skriv dikt eller roman.
Seksualitet og erotikk
Poesiboka Frukt og grønnsaker frå 1971, med ein tittel som osar av ernæring og jordbruk, handlar om kvinneleg, men også mannleg seksualitet og erotikk. I tillegg syner dikta kor gjennomsyra det amerikanske dagleglivet var – og er – av uoppnåelege ideal og stereotypiar leverte av reklamen, som paradoksalt nok fjernar kvinna frå kroppen: «Renset & peelet & forseglet/ til fingerspissene,/ ute av stand til å berøre/ eller lukte seg selv». Slik blir kvinna under den emblematiske hårtørkaren send ut som «den første kvinnelige amerikanske astronaut» eller ei Beatrice i Dantes sterilt-geometriske helvetesringar.
Dikta til Jong legg seg langt bort frå det sterile og livsfjerne. Dei er eruptive og biletrike og gjer store, raske og tidvis obskøne rørsler. Språkregisteret er stort, og referansane frå reklame, populærkultur og litterære klassikarar, som Kafka og Joyce, sit laust. Jong kokar metaforar, skildrar kannibalisme og serverer diktet: «Spis dette diktet!»
Syndefallet
Mennesket er i slekt med plantene: «navlen,/ den forbindelsen/ med en planteverden». Grønsakene i desse dikta er ikkje berre prisme som alt vert silt og betrakta gjennom. Frukt og grønsaker er grunnleggjande knytte til syndefallet, å vere fruktbar og å fortære. Fortæring er fordøying og omskaping, noko det godt funderte språkbiletet også gjer med verda vår.
Kanskje er det helst grønsaksdikta i den første bolken som talar mest direkte til den poetiske nerven til denne lesaren. Det er her det mannlege vert omdanna til eit eple. Det er også her gjendiktaren, som har gjort eit utmerkt arbeid, ser seg nøydd til å halde på eit engelsk ord, rett og slett for at det skal gå opp: «Å, merk deg de to runde hullene i løk, onion.»
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Jong kokar metaforar og serverer diktet: «Spis dette diktet!»
Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.