Når enden er nær
Novelleantologien til Samlaget byr i år på gåtefulle og mørke noveller.
Siri Økland har fått antologien dedisert til seg. Ho døydde kort tid etter at ho hadde levert novella si.
Foto: Samlaget
Antologi
Frode Grytten, Mads Rage, Mette Karlsvik, Therese Bakkevoll, Endre Tveit, Siv Østrem Peersen, Gaute M. Sortland, Kjersti Rorge-moen, Siri Økland:
Slutten på historia: nye nynorske
noveller
Samlaget
Er det pandemien som har inspirert forfattarane av årets novelleantologi frå Samlaget til å skrive desse mørke tekstene? Ein duld fare ligg og trugar, oftast utan å kome heilt til overflata.
Eit klassisk krav til ei novelle er einskap i tid, stad og rom og ein overraskande slutt. I nyare tid har den opne slutten vore vel så vanleg i sjangeren. I denne antologien er det dette grepet som dominerer, og helst litt for mykje. I fleire av dei manglar nettopp «slutten på historia», det er tekster som ikkje lukkar seg, som ikkje har nokon tydeleg konklusjon. At såpass mange av novellene manglar ein meir poengtert slutt, gjer at lesinga kan kjennest noko utilfredsstillande, og at innhaldet, tematikken, fislar litt ut i sanda.
Meister Grytten
Her er gode unnatak. Frode Gryttens tittelnovelle har fått den posisjonen og plasseringa ho bør ha. Den røynde forfattaren leverer ein snedig leik med krimsjangeren og annan litteratur. Her er hint og spark både til klassiske og nyare forfattarar, og ikkje minst til ein bokindustri der det er pengane som rår.
Hovudpersonen arbeider på «nordicnoir-fabrikken» der han skriv for kjente krimforfattarar som ikkje anar kven han eller andre tilsette på fabrikken er. Vi er i eit slags framtidsscenario, eit heller kaldt og Kafka-aktig miljø. Ein viktig person er den mystiske «K» som eg-personen prøver å lokke til seg med dikt. Novella er ein labyrint, ei metatekst og ein fryd å lese.
Fleire av dei neste novellene i samlinga får eg mindre ut av, med eit par unnatak. Therese Bakkevoll har i «Transit Bajkonur» skrive ei rå og ubehageleg, men sterk tekst. Forfattaren viser fine evner når det gjeld å skrive fram tydelege scener og miljø. Også her er vi i ei framandgjort verd med kyniske menneske. Novella etterlet seg ei uro i lesaren og skarpe bilete på netthinna.
Mette Karlsviks «Der det menneskelege byrjar» har ei poetisk språkføring som skapar ei var og melankolsk stemning. Likevel manglar det løftet som ei verkeleg god novelle har, trass i at det handlar om å fly.
Skjora og molda
Når vi så kjem til dei to siste novellene, skrivne av Kjersti Rorgemoen og Siri Økland, opnar leseauga og -hjartet seg att. Dette er sterkt og tett på den menneskelege eksistensen. I Rorgemoens «Eit lite blaff» går eg-personen på kyrkjegarden der han kjenner at døde slektningar «har byrja kalla på meg» medan «levande folk er så distraherande». Gravaren han kjem i snakk med, viser seg å vere ein lokal filosof. Tankane går til Hamlet, men koplinga blir noko gåtefull. Likevel er det ei sanserik skildring i eit sikkert språk. Ein synest å kjenne både lukta frå og draginga mot molda, ned dit vi alle skal til slutt.
Siri Økland har fått antologien dedisert til seg. Journalisten og forfattaren døydde «kort tid etter at ho leverte novella som står i denne antologien». Øklands novelle er ei fortetta og gripande tekst på knappe tre sider. Handlinga skjer i løpet av nokre minutt og består av éi scene inne på eit par små rom, med éin person og ei skjor. Begge skal døy. Det er sprengkraft i dei få orda i ein tekst som sjølvsagt er ekstra sterk fordi ho som skreiv, sjølv snart var borte.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast bokmeldar for Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Frode Gryttens tittelnovelle har fått den posi-
sjonen ho bør ha.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.