JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Namnet på rosa

«Nerderoman» møter Vogue og held seg på overflata

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3583
20180706
3583
20180706

Roman

Margit Walsø:

Parfymeorgelet

Vigmostad Bjørke

Eg er nok ikkje i målgruppa for denne romanen. Ikkje er eg frankofil og ikkje er eg spesielt oppteken av parfyme, interiør eller mote. På den andre sida er det få grenser for kva eg kan fatte interesse for, om det berre blir formidla til meg på ein måte som vekkjer nyfikne og vitebegjær. Denne romanen gjer ikkje det.

Ingrid er ei ung kvinne som har slutta brått i eit arbeid som kjemikar i ein stor bedrift i Trondheim. Ho har budd med mor si i mange år, faren døydde medan ho var i oppveksten. På klassisk danningsromanvis reiser ho ut i verda, til parfymesenteret Grasse i Sør-Frankrike for å finne ut av fortida til faren. Samstundes søkjer Ingrid ei retning for sitt eige liv. I Grasse får ho raskt innpass hos den viktigaste parfymeprodusenten og treffer menneske som faren kjende. Dramaet kan ta til.

Historia blir bretta ut for oss lag for lag, opplysningane om fortida kjem i drypp utover i boka og kastar lys over notida. Tidsplana er tydeleg skilde frå kvarandre, ein blir ikkje forvirra under lesinga. Men ein blir kanskje heller ikkje så frykteleg interessert. I Parfymeorgelet er diverre avsløringane for opplagde til at den velbrukte metoden held spenninga oppe.

Kostymedrama

Vi skjønar at romanen vil formidle at i Grasse møter Ingrid mange spennande og interessante menneske. Men det teksten viser, er dette:

«Claire så seg begeistret rundt, med det store håret i en lang flette nedover ryggen. Den vide mønstrete kjolen var holdt sammen i livet av en snor med dusker. (…) Jean hadde hvit skjorte med linning uten krage, håret krøllet seg, ennå fuktig.»

Slike skildringar har romanen mange av, ein type prosa som minner om den vi finn i motemagasin og anna kulørt presse. Personar og fysiske omgjevnader blir sjeldan meir enn vakre overflater. Ved enkelte høve bryt forteljaren scener av på uforståeleg vis, nett når det heile held på å bli interessant. Romansen mellom Ingrid og ein ung vakker mann i miljøet utviklar seg så seint at han blir meir til frustrasjon både for henne og for lesaren. Walsøs roman er ei bok om komplekse kjensleopplevingar og sterke lidenskapar, men i liten grad eit verk som vekkjer dei.

Å vere til stades

Kva så med dialogane? Kjem personane tydelegare fram for oss gjennom dei? Ikkje så ofte. Svært mange av replikkane dreier seg sjølvsagt om blomster og lukt, og har stor detaljrikdom og presisjon. Ein kan nok lære ein del om parfymeframstilling. Som karakterframstilling er dette lite effektivt. Særleg i byrjinga av romanen verkar dialogane kunstige og den informative gehalten påtrengande. Innfletta dagboksitat frå Ingrid tilfører heller ikkje teksten nok djupne.

Klimaks kjem tre fjerdedelar ute i boka, ei avsløring frå fortida som lesaren for lengst har avdekt. Likevel skjer det noko på dette punktet i handlinga. Ingrid har gått opp på ein topp og skodar ut over det provencalske landskapet. Endeleg er ho meir til stades i eige liv. I det same er det som om også teksten får meir luft og vidare utsyn. Herifrå og ut slepp Walsø seg meir laus, og scenene sit betre. Både dialogar og anna handling får meir nerve, språket ein klårare rytme. Til liks med parfymen det blir jobba så intenst med, får prosaen no ein tydelegare karakter.

Mot slutten viser Walsø at ho evnar å skrive så lesaren kjenner dufta frå Provence. I Parfymeorgelet tar det for lang tid før det skjer.

Hilde Vesaas

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Walsøs roman er ei bok om komplekse kjensleopplevingar og sterke lidenskapar, men i liten grad eit verk som vekkjer dei.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis