JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Mytting på øvste hylle

Skråpånatta er medrivande og storslått dikting frå Lars Mytting.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Lars Mytting har fullført Hekne-trilogien.

Foto: Mathias Fossum

4275
20230929
4275
20230929

Roman

Lars Mytting:

Skråpånatta

Gyldendal

Den fiktive bygda Butangen nær Fåvang i Gudbrandsdalen har gjennom tre omfangsrike romanar vore omdreiingspunktet i det som no er den fullførte Hekne-trilogien. Dessutan går det handlingstrådar både til Skottland og til Dresden i Tyskland, og den tidsramma det heile utfaldar seg innanfor, er sokneprest Kai Schweigaards yrkesliv på Butangen mellom 1879 og 1945. Men det går også tidslinjer bakover til tidleg 1600-tal, til Skottetoget i 1612, til dei samanvakse tvillingsøstrene Gunhild og Halfrid på garden Hekne og den særeigne vevkunsten dei utvikla, og som toppa seg i Heknevevens framstilling av skråpånatta, verdas undergang i bål og brann.

Årets roman startar med trolldomsprosessen mot tvillingsøstrene der både kyrkje og statsmakt vil ha dei dømde som djevelens reiskapar i kampen mellom det gode og det vonde, mellom lys og mørke, men den kloke og jordnære presten Sigurd Krafft på Butangen greier å redde dei frå bålet, «vi kan ikke henrette alt som er oss fremmed», og når søstrene døyr på naturleg vis, blir dei gravlagde under kyrkjegolvet i den gamle stavkyrkja på Butangen, det blir støypt to kyrkjeklokker til minne om dei, søsterklokkene, og hekneveven får heidersplassen i kyrkja.

Innsikt og ironi

Så går hundreåra fram til Kai Schweigaard kjem til Butangen som prest. Han blir djupt fascinert av segner og mytar kring heknesøstrene og den gamle stavkyrkja frå 1170, samtidig som han også er sjelesørgaren i bygda og kjem tett på skikk og bruk i fest og kvardag. Det oppstår ein nær vennskap mellom han og ungjenta Astrid Hekne, men arkitektstudenten Gerhard Schönauer, som kjem til Butangen for å kartlegge stavkyrkja før ho blir riven og frakta til Dresden, vinn Astrid og giftar seg med henne.

Begge døyr året etter, Astrid i barsel etter å ha født tvillingsøner, Gerhard av lungebetennelse. Tvillingane veks opp kvar for seg, den eine på Hekne, den andre hos fosterforeldre i Skottland. Liksom søsterklokkene blir skilde under flyttinga til Dresden, blir også Astrids barn skilde, og heile trilogien er skriven fram under det overordna mottoet «hva Gud har sammenføyet, skal intet menneske adskille».

Handlinga i Skråpånatta er lagd til 1930-talet og dramatiske krigsår. Kai Schweigaard er ein gammal mann, ei ny Astrid Hekne trer fram, barnebarnet til ho som døydde i 1881, og igjen blir det tette og fortrulege band mellom Schweigaard og Astrid i kampen om å verne hekneveven og søsterklokka Gunhild, som blei igjen i bygda, men som SS-organisasjonen Ahnenerbe er ute etter, og her skriv Mytting med djup innsikt og ironisk snert om nazistisk raseforsking og svermeriet for den norrøne arven og det urgermanske som Himmler meinte å finne i Skandinavia, særleg i Noreg.

Driv og spenning

Krigsåra er det sentrale i årets bok, og Mytting er ein framifrå historikar og ein gåverik forteljar når han med driv og spenning og med den særmerkte Mytting-energien som under eitt pregar forfattarskapet, skriv fram heile spekteret av motstand og medløperi, mistenkeleggjering i ei splitta befolkning, tortur og råskap, og ikkje minst i skildringa av terrorbombinga av Dresden 13. februar 1945, da også stavkyrkja frå Butangen går opp i flammar etter eldstormane som oppstår.

Same natt brenn også nykyrkja på Butangen under stor dramatikk. Dermed er ringen slutta, og det kan verke som det er krefter utanfor mennesket som grip inn og styrer lagnaden i bestemte retningar i «(...) et slags nett hvor alt og alle til alle tider var forbundet. En vevnad, for den saks skyld».

Hekne-trilogien under eitt, og kanskje særleg Skråpånatta, er prega av litterært handverk av ypparste merke der realisme og romantikk blir fletta saman i lysande portrett og i fortetta scener, ofte i eit overlys av magi og intuisjon og med ei berøringskraft på tvers av generasjonar.

Kjartan Fløgstad har sagt at «det vi diktar opp skal bli sannare enn røynsle», og det er nettopp det Lars Mytting gjer i Hekne-trilogien: han rører ved tekstens litteraritet, den resten som står att når du deler ti på tre, det som aldri går opp, men samtidig er det som løftar litteratur til kunst.

Oddmund Hagen

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Per Anders Todal

Tore Pryser har skrive boka "Samarbeid, tilpasning og motstand. Mer svik og gråsoner". Delar av innhaldet vekkjer debatt.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Bjørn Skåret

Tore Pryser og Reidar Hedemann

Tore Pryser gjev nytt liv til ei «ikkje-sak» i boka Samarbeid, tilpasning og motstand.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Erlend Skjetne er frå Melhus og arbeider med norskopplæring for innvandrarar, i tillegg tl å vere forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Foto: Leikny Havik Skjærseth

BokMeldingar
Kjetil Berthelsen

Med lånt lyre

Erlend Skjetne går i nærsynt dialog med Olav Nygard i Liv, eg har drukke.

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

ReportasjeFeature

Om å snuble inn i ein framand kultur

Vi hadde høyrt Manu Dibango spele under Mela-festivalen på Rådhusplassen i Oslo. Det var freistande å følgje sporet hans attende til Kamerun.

Øyvind Pharo

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis