Bok

Mykje innsikt frå «vaktbikkja» Folkvord

Erling Folkvord har passa på at alt har gått rett føre seg i Oslo heilt sidan 1980-talet. Nå har han teke for seg Oslo-politiet.

Pressekonferanse etter at William Nygaard vart skoten og alvorleg såra utanfor heimen sin i 1993. Etterforskinga vart leidd av Leif A. Lier (nr. 2 f.v.), kriminalsjef Truls Fyhn, Per Jarle Hellevik og politimeister Willy Haugli.
Pressekonferanse etter at William Nygaard vart skoten og alvorleg såra utanfor heimen sin i 1993. Etterforskinga vart leidd av Leif A. Lier (nr. 2 f.v.), kriminalsjef Truls Fyhn, Per Jarle Hellevik og politimeister Willy Haugli.
Publisert

Varslaren Erling Folkvord må ha eit av dei fyldigaste arkiva om misforhold i det norske samfunnet. Han fornektar seg ikkje i denne boka heller. Nærare 700 noter fortel sitt. Vi fylgjer saker frå slutten på 1980-talet fram til vår tid. Forfattaren har i tillegg flittig brukt høve til innsyn i etterforskingsmateriale i avslutta straffesaker. Boka inneheld da også eigne kapittel om innsyn og metodar for gransking.

Folkvord fortel soger om kor lett det er å vera kriminell i Noreg og kor lenge kriminelle får halde på før dei blir tekne, dersom dei i det heile får ei straff frå samfunnets side. Eit døme er Umar Zahoor, som bygde seg opp ved juks med flybillettar og enda som ein internasjonal, suksessfylt svindlar. Nordea-kuppet i 2010 var eit høgdepunkt. Han blei aldri stoppa, og årsaka var polititabbar. Eit anna døme er psykolog John Sandstrøm; dei fyrste varsla kom på slutten av 1980-talet, men han blei ikkje stilt for retten og dømd før i 2007. I mellomtida hadde han stått bak ei rekkje lovbrot.

Joda, mange av desse historiene er fortalde før, men her er dei samla mellom to permar. Også for ein som har følgd godt med på desse sakene, er denne framstillinga ei god påminning om gløymde soger. Slik sett kan boka brukast av studentar på Politihøgskulen, men viktigast er at lærdomen finn vegen til leiarseminara i politiets eigen organisasjon. Her har dei mykje å hente.

Dugløyse

Bokas hypotesar om korrupsjon i Oslo-politiet blir likevel dårleg underbygde. Tittelen lovar meir enn boka fullt ut kan innfri. Folkvord viser til nokre feilsteg her og der, rett nok alvorlege og ulovlege feilsteg. Han viser fram offer som må betala ein høg pris for feil gjorde av politi og styresmakter. Nokre slit eit halvt liv fordi kriminelle, som kunne ha vore dømde på eit langt tidlegare tidspunkt, får halde fram utan at politiet grip inn.

Men, og dette er et stort men, dårleg politiarbeid er ikkje det same som korrupsjon. Slik sett innfrir ikkje tittelen på boka når du legg henne frå deg. Spørsmål om korrupsjon blir ikkje godt nok dokumenterte, og mykje av politikritikken er kjend frå før.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement