Bok

Møte mellom skriftleg og munnleg tradisjon

Ein motviljug reformator endra den norske skriftkulturen i kvardag og høgtid.

Publisert

«En salme skal bryte isolasjonen mellom mennesker», sa Svein Ellingsen (1929–2020). Han skapte jo så mange fine moderne salmar der djupe menneskelege kjensler i sorg og lengt og sakn som eigentleg ikkje kan snakkast om, kunne syngjast i samlag.

Magnus Brostrup Landstad (1802–1880) må nok ha tenkt litt i same baner, sjølv om det framleis i viss grad synest vere usemje om korleis han makta oppgåva. Landstad arbeidde for å sameine ulike tradisjonar, ulike impulsar, ulike språklege uttrykk, ulike melodiar til ulike sjangrar og føremål, ja, alltid finne mellomvegar mellom det folkelege og høgstilen tilvand i kyrkja.

Det er mogleg han lukkast for godt. I dette bandet av den storfelte Landstad-utgåva er det mange kjeldeskrifter, såleis hans eigne utgreiingar om kva han ville oppnå med arbeidet sitt, men òg samtidige kritikkar og reaksjonar då han la fram utkast og då han gav ut den endelege utgåva i 1870. Aasmund O. Vinje var då ikkje ein til å svivyrde folkemålet, og slett ikkje telemålet som Landstad sette så høgt. Vurderinga hans av utkastet i 1862 var likevel at dei mange norske orda «her og der inne i desse Salmar i Bokmaalet ikkje altid laata godt, og om Lanstad (sic) er ein smakfull Mann, so er det endaa so, at desse Norske Ord der tidt koma som Haar i Smør».

Høgtidsspråk

Det fall ikkje Landstad inn å ta med dialektformer eller særskilde nemningar frå Østfold eller Vestfold, som jo var nærast geografisk i den tida. Derimot innførte han ein tanke om høgtidsspråket, der ein tok vare på eldre former i riksmålet i viss mon, og dessutan innførde nokre stasformer frå dialektar som vart oppfatta å liggje nærare norrønt. Denne delen av Landstad-arven gjorde truleg at han fekk gjennomslag for framlegga sine til språkleg fornying, men skapte nok òg ein tradisjon som heldt seg for lenge, heilt til vi fekk sentrale moderne salmediktarar.

Då eg spurde ein god ven som i 40 år eller meir har gjort friviljug arbeid i kristne organisasjonar og i Den norske kyrkja, om det fyrste som fall han i hovudet om eg nemnde M.B. Landstad, var svaret «keisemd». Han føretrekkjer dei eldste og dei yngste salmane våre. Men så gav han seg til å resonnere: Kan det vere at all revideringa av Landstad fram til salmane framstod i endeleg form i 1870-åra, i grunn og botnar hadde verka for nøytraliserande? Med andre ord, at «salmestriden» som enkelte har kalla diskusjonane om utkastet av 1862, på lang sikt førte til at noko av det uventa og friske med Landstad kom noko bort?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement