Mjølka og livet
Mette Karlsvik har skrive ein sterk roman om kjerneverdiar.
Mette Karlsvik har fått fleire litterære prisar etter romandebuten i 2005.
Foto: Tove K. Breistein
Roman
Mette Karlsvik:
Meieriet
Samlaget
Somme tider skulle ein beintfram tru at skjønnlitterære forfattarar i Noreg har gjort avtalar om kva for emne det skal skrivast om, og i år finn ein såleis fleire bøker som handlar om graviditet og barsel. Ei av desse bøkene er den nye romanen til Mette Karlsvik.
Hovudpersonen i boka fører ordet, ho heiter Beate og har reist til Island for å skriva ein roman om Thor Jensen, dansken som emigrerte til sagaøya og vart den rikaste mannen der, mellom anna med meieridrift i stor stil. Det store meieriet, det største i Norden, er no bygd om og gjer teneste som kunstnarbustader og atelier av ymse slag, og der skal Beate bu og skriva.
Etter kort tid vert Beate kjend med ein islending som heiter Kjell. Den sylkvasse lesaren ser straks for seg at det vert eit par av dei to, og snart er det stadfesta av teksten, slik at lesaren kan kjenna seg klok, noko som kjem godt med om han eller ho nettopp har fått nok eit intellektuelt ulivssår av den vanskelege sudokuen i Bergens Tidende (BT), til dømes. Ja, berre til dømes, altså.
Ambivalens
Beate er skildra som ein konstant ambivalent person, ho analyserer alt og alle, ikkje minst seg sjølv, og ho gjer det med forskarblikk. Om ho eigentleg er forelska i Kjell, veit korkje ho eller lesaren, ho tvilar på om ho veit kva kjærleik er, og ho romantiserer ikkje Kjell på nokon måte, ho konstaterer det som er, ikkje det som er uhandgripeleg.
Eg får ei kjensle av at Knut Hamsun kunne ha sagt om ho at «til nogen sentimental henrykkelse duger hennes verk ikke», men sidan det er ei kjensle eg ikkje kan prova empirisk, vert det ein tom påstand som eg kunne ha angra bittert på, om ikkje angeren også berre var ei kjensle og ikkje eitkvart konkret. Kor som er har Mette Karlsvik skrive ein god roman, ei forvitneleg skildring av eit menneske på innsida og utsida, og rett og slett den ultimate romanen om graviditet, barsel og amming.
Mjølk tek mykje plass i denne romanen, mjølk som livskjelde, mjølk som handelsvare, produksjon av mjølk, og tittelen på boka, og plassen der handlinga går føre seg, høver så godt at det lyt karakteriserast som ein genistrek.
Det beste er at det ikkje på nokon måte verkar konstruert, alt fell naturleg på plass, til og med overraskande naturleg for Beate, som no og då kjem med ymt om at ho eigentleg har øydelagt seg sjølv, eller naturen i seg. Ho trudde ho var steril, at ho var for mager til å få barn, ambivalensen går ikkje vekk når røynda dementerer forskotssorgene. Det er alltid noko anna å ottast, ein skort, noko som ikkje er slik det skulle. Ho er sysselsett, med andre ord, og me forstår også at ho har ein del av det ein i dag kallar bagasje. Særleg gjeld det tilhøvet til mora, som truleg ikkje hadde godt av å vera mor. Beate har dessutan reist hit og dit i verda og budd på underlege stader, ho høyrer ikkje heime nokon plass, men just difor er det lett for henne å ta avgjerda om å leva vidare på, for ikkje å seia i, Island.
Poengtert
Karlsvik skriv rikt og poengtert, mest stutte setningar, men med variasjon og effektivitet, som i dette dømet: «Så Thor kjøper og satsar og opnar og tilset og skaper og får skapt, blir skapt, blir igjen rik, rikare, rikast.» I tillegg til å skriva godt, til dels særs godt, tenkjer Mette Karlsvik godt, så godt at lesaren får eit intellektuelt lyft og ser, til dømes, fram mot den neste vanskelege sudokuen i BT med optimisme. Men berre til dømes, altså.
Odd W. Surén
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I tillegg til å skriva godt, til dels særs godt, tenkjer Mette Karlsvik godt.
Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.