Bok
Minne i stein
Benedicte Meyer Kroneberg skriv nært og kunnskapsrikt om mennesket, minnet og mørkeret.
Benedicte Meyer Kroneberg har skrive fleire romanar sidan debuten i 2010.
Foto: Liv Øvland
Grunnfjellet er ikkje utstyrt med dei rikaste talegåvene. Det buldrar litt no og då, og stundom hender det at ein fjellvegg er reine hermegåsa, men det skortar på artikulasjon. I Svalbardnotatene av Benedicte Meyer Kroneberg er det stundom annleis. Der kjem sjølvaste Svalbard til orde no og då, i innleiinga til kvar av dei fire bolkane som utgjer romanen.
Lesaren godtek dette utan vanskar, ein kan tenkja seg at jordskorpa har eit medvit, og at noko av det kan omsetjast til menneskespråk. Det er vel og bra, likevel skurrar det litt når denne omsetjinga inneheld omgrep frå menneskeleg vitskap, som namn på geologiske tidsaldrar. Svalbard er kort og godt litt vel lærd. Men dette spelar ikkje noka stor rolle i romanen, der me møter kunstnaren Birgitte, som skal halda ei utstilling i Longyearbyen.
Tilknytingspunkt
Birgitte har fleire tilknytingspunkt til øygruppa der nord i gardane. Foreldra hennar, Olav og Åsa, møttest der, og ho har sjølv budd der eit års tid som ungjente. Boka hoppar elegant mellom desse ulike tidene, frå mor Åsas reise til og opphald på staden, Birgittes ungdomstid der, og førebuingane til utstillinga i notid.
Kroneberg lit på lesaren og introduserer ikkje litterære sprang i tid og perspektiv, og det fungerer framifrå. Teksten er heile tida absolutt truverdig, med interessante personar og plausible reaksjonar på og haldningar til attkjennande situasjonar. Mor Åsa er i notid på veg inn i demensmørkeret, og dit har ho med seg eit anna mørker, nemleg ein løyndom som tyngjer henne svært, noko ho på den eine sida ikkje har det minste skuld i, og på den andre sida ikkje kan verta kvitt, nemleg at ho er ein tyskarunge. Ho veit ikkje at Birgitte er merksam på dette. Kroneberg skildrar slikt eksemplarisk og utan store fakter, mellom anna ved ein sivilisert krangel mellom Åsa og Olav etter eit juleselskap.
Birgitte er gift med Arve, og dei har sine små utfordringar, særleg med mor Åsa, som i notid er skild frå Olav. Åsa er på ein heim no, men ho er ikkje samd i at ho skal vera der.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.