Bok

Minne frå ei tid vi ikkje lenger er i

Annie Ernaux syner oss tida og tinga i endelaus straum.

Annie Ernaux skriv sjølvbiografiske romanar der ho utforskar personlege tema.
Annie Ernaux skriv sjølvbiografiske romanar der ho utforskar personlege tema.
Publisert

Annie Ernaux, 80 år i år, er forfattaren «alle» les i sommar. I år kom boka som blir rekna som det internasjonale gjennombrotet hennar, Årene frå 2008, på norsk. Boka er finslipt memoarkunst filtrert gjennom mange tiårs livserfaring. Dei lange linene i historia veks fram for den som les, silt gjennom medvitet til ei fransk kvinne. Eit av mange gjennomgangstema er retten til å bestemme over egen kropp og den særeigne skamkjensla som har vore påført kvinnekjønnet gjennom mange generasjonar.

Det franske gjennomsyrer heile boka, og aller størst utbytte får nok den lesaren som kjenner Frankrike godt. Dette er ikkje eigentleg noka innvending, det tidfesta blir meir konkret og verkeleg når det er stadfesta. Det handlar om fellesmenneskelege erfaringar, men først og fremst for oss i den vestlege verda og særleg den vest- og nordeuropeiske.

Her ein liten merknad til omsetjinga, som i alt vesentleg er veldig god og heilt sikkert var ei krevjande oppgåve: For oss som ikkje kan fransk, kunne med fordel endå fleire namn og forkortingar vore omsette til norsk.

Historia vi ikkje eig

Dei som går til denne boka med forventning om ein forteljande roman eller sjølvbiografi, blir kanskje skuffa. Det Ernaux i staden gjer, er å blande det personlege med det offentlege, det kollektive med det einskilde. Dette er heilt konkret gjennomført ved at ho i heile boka vekslar mellom tekstbolkar der det er eit «vi» som ser og minnest, og andre der det står «hun». Partia med «hun» konsentrerer, dei med «vi» gir overblikk. «Hun»-tekstane tek utgangspunkt i fotografi eller amatørfilmar. Vi anar at personen på bileta og filmane er Ernaux sjølv, men her kjem få personlege utleveringar, personen er meir ein representant for tida og for kva tida gjer med henne. Blikket mot det individuelle er eigentleg retta mot tidsånda, mot den fellesmenneskelege erfaringa og forvandlinga.

Hovudpersonen er tida sjølv og korleis ho kjem til uttrykk gjennom språk, kunst, mote, politikk, teknologi og oppfinningar, konfliktar og krigar – kort sagt gjennom alle slags rørsler som menneska gjer, og som endrar tida og måten vi snakkar saman på, elskar på, oppdrar barna våre på, arbeider, bur, et, forbruker. Med blikket til Ernaux ser vi mellom anna litt av det absurde og det paradoksale i vår eiga tid – som til dømes at det er heilt naturleg at alle slags varer sirkulerer fritt frå verdsdel til verdsdel, medan menneske på flukt møter stadig fleire stengde grenser.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement