Bok

Mil etter mil

Geir Nummedal skriv nært og under­haldande om alt eit maratonløp byr på.

Geir Nummedal har skrive ein kortroman om å springe maraton.
Geir Nummedal har skrive ein kortroman om å springe maraton.
Publisert

Når ein nærmar seg 50, er det på tide å fullføre ein maraton og overtyde seg sjølv om at ein er i stand til å stå oppreist etter 42.195 meter. Det er nettopp det Geir Nummedal gir seg i kast med i ein alder av 47, rimeleg godt trena og med eit mål om å springe på under fire timar. I den korte romanen Maratonshots følgjer han seg sjølv i du-form gjennom løypa i Dresden 27. oktober 2019.

Tankestraum

Det er ein tekst utan punktum, ein frittflytande tankestraum frå start til mål der Nummedal fangar inn stegrytmen, rytmen i språket og rytmen i musikken han har på øyra. Assosiasjonane går i alle retningar samtidig som han reflekterer over arkitekturen (det er trass alt Dresden, kalla Nordens Firenze), den massive øydelegginga av byen i februar 1945 og gjenreisinga etter krigen.

Nummedal flettar også inn erotiske fantasiar, glimt frå barndom og oppvekst, minne om faren og brev som faren sende da han jobba på eit anlegg i Kina. Og han registrerer stemninga i og langs løypa, eit slags karneval i gatene, drikkestasjonane med såkalla maratonshots og bananar, alt dette som høyrer med i slike lange løp i urbane strøk.

Teksten flyt fint og elegant, kilometer etter kilometer, og den monotonien som ligg i eit maratonløp, blir balansert mot innfall og anekdotar, små rim og plutselege overgangar der poenget er å motverke den smerta som melder seg når ein har passert 30 kilometer og tanken på å bryte er ein reell utgang. Men Nummedal held ut, og etter målgang og litt kvile fyller han på med enda fleire maratonshots, no i form av grappa i ei kneipe nær hotellet. Det blir å dra det vel langt, og det bryt med grunnstrukturen i teksten, som er sjølve løpet frå A til Å.

Maraton og død

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement