JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Midtausten er nærare enn vi trur

Tidlegare ambassadør til Saudi-Arabia Carl Schiøtz Wibye gjev oss ein grundig gjennomgang av noko vi har tenkt for lite over.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein mann demonstrerer mot Muslimbrørne i ein forstad til Kairo 1. februar 2014.

Foto: Ahmed Omar / AP / NTB

4602
20230421
4602
20230421

Sakprosa

Carl Schiøtz Wibye:

Midtøsten midt iblant oss. Hvordan egyptisk, iransk og saudisk islamisme begrenser ytrings­friheten og hindrer integrering

Gyldendal

Denne boka saknar sidestykke i innførings- og debattlitteraturen om islam. Ho er ikkje sjokkerande nyskapande, men fungerer likevel som ein guide i eit landskap der vi ikkje er vane, enno, med å sjå landemerka. Her er mang ei aha-oppleving undervegs.

Vi har ein god del fagbøker og pamflettar på norsk med ulike kvalitetar som utfyller kvarandre, og etter kvart mykje omsett litteratur. Det vi får her, er likevel unikt; det er ei framstilling av korleis vi har importert islamismen i Midtausten.

Lærerikt drøftande

Dette er ikkje ei bok om islam, heller ikkje ein analyse av islamisme – men av kva det er for trekk ved islamismen som langt på veg er godtekne i Noreg og Norden. Bakgrunnen for slike utviklingsrekkjer er forklart gjennom om lag to tredjedelar av teksten. Her trekkjer forfattaren vekslar på si omfattande erfaring i teneste for norsk diplomati i dei landa det er tale om.

Dei mange glimta vi får av personlege opplevingar med folk, institusjonar og landskap, gjev snapshots inn i situasjonar som fungerer som dømesoger på korleis tilhøva artar seg for ein som vil skjøne menneskelege relasjonar og naturgjevne vilkår til like.

Den siste tredjedelen er meir av ein pamflett, men med ein ikkje-aggressiv argumentasjon, lærerikt drøftande. Her er både overraskande og nokre kjende døme på kva som har festa seg av meir og mindre offentleg godtekne praksisar i Noreg.

Ny toleranse

Det er etter desse drøftingane knappast tvil om at Den muslimske brorskapen, presteveldet i Iran og salafistane/wahabittane i Saudi-Arabia har bygd opp påverknadsteknikkar som har vore langt meir effektive enn vi vanlegvis tenkjer over. Vi har godteke å endre mange av dei vilkåra vi har rekna som grunnlaget for demokratisk samliv, der vi er blitt meir tolerante overfor markeringar av intoleranse enn overfor brot på ytringsfridomen, i styringsverket så vel som i skule og offentleg liv.

Personleg ville eg gjerne sett ei noko meir systematisk framstilling av utviklinga i Europa, såleis ut frå tendensar som Petter Nesser og andre har vist i analysar av «entreprenørane» i å kunne gripe ungdommen med islamismen og utviklinga av radikaliseringstiltak. Men vi kan likevel konstatere korleis mange av oss godtek tendensar vi aldri ville gått med på tidlegare, såleis fordømminga av Shabana Rehmans arbeid frå krinsar som meiner ho undergrov islam i Noreg.

Som vanleg er, er ikkje grepet om den franske situasjonen svært god her heller – det er rett at der er gettodanningar og har vore det sidan 1980-talet i franske forstader, men det er helst ein myte at islamistar dominerer heile bydelar eller andre strok – den franske laisiteten (sekulærstaten) er framleis eit betre vern enn mange trur.

God guide

Det gjeld sjølv om franske styresmakter nølte heilt til 2004 (og ikkje 1994, som boka seier). At det fekk gå 15 år frå dei fyrste demonstrasjonane då unge jenter tok på seg hijab for å feire tiårsdagen for den iranske revolusjonen i 1989, til det absolutte forbodet mot tydelege religiøse markeringar i skulen kom, medan det skjedde ei massiv innvandring frå panislamistiske kvinner, især, som sette seg ned i nye bydelar utan å kome i jobb, var svært avgjerande for utviklinga.

Slike trekk må nok analyserast og formidlast grundigare, også til Noreg. Vi manglar framleis ei forståing av relasjonen mellom dei ulike middelhavslanda i denne utviklinga. Det Carl Schiøtz Wibye gjer til fulle for forståinga av Midtaustens rolle i vår kultur, er likevel å vise kor vellukka salafistane, Khomeini-etterkomarane og andre har vore i å vinne den såkalla venstresida for tanken om at religiøse markeringar er motstand mot imperialisme, vestlege tradisjonar og ytringsfridom som krenking og undertrykking.

Boka er svært godt dokumentert, med sine 817 fotnotar, og har eit greitt register (som godt kunne vore fyldigare, for der er mange namn og omgrep som ikkje står). Eg spår at boka vil fungere som ein god guide til attkjenning av endringstrekk og som grunnlag for meir opplyste diskusjonar om kva det er vi tek til oss av trekk som vi før rekna som framandsleg, eksotisk kultur, men i dag er blitt del av kvardagen vår over heile landet.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis