JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Mennesket som smarttelefon

Fremtidsmennesket er ei svimlande og lærerik reise gjennom bioteknologien, men gjev eit snevert svar på kva eit menneske er.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
CRISPR-teknologien kan revolusjonere både medisin og menneskeleg reproduksjon. Biletet er frå eit forsøk ved Oregon 4. mars i år. Legane prøvde for første gong å nytte redigert DNA for å hjelpe ein pasient som var fødd blind.

Foto: Kristyna Wentz-Graff/OHSU / AP / NTB scanpix

5428
20200904
5428
20200904

Sakprosa

Sigrid Bratlie og Hallvard Kvale:

Fremtidsmennesket. Hva den bioteknologiske revolusjonen betyr for deg

Kagge forlag

Veit du kva CRISPR er? Om svaret er nei, bør du lese boka til Sigrid Bratlie og Hallvard Kvale. I lettfatteleg språk tek dei deg med på ei svimlande reise i den nye bioteknologien som snart kjem til å prege ikkje berre medisin og reproduksjon, men òg debattane om velferdsstat og prioritering i åra som kjem.

Bratlie og Kvale ynskjer å engasjere fleire i debatten om korleis vi skal bruke den nye bioteknologien. Barrieren for å delta i denne debatten har for dei aller fleste vore kunnskap. For korleis tileignar ein seg kunnskap om tema som svever langt over hovudet på dei fleste, og som høyrer heime ved forskingsfronten? Det er her Bratlie, med doktorgrad i molekylærbiologi, og Kvale, tidlegare kommunikasjonssjef i Bioteknologirådet, lukkast. Dei forklarer på imponerande lettfatteleg vis korleis mennesket er skrudd saman, slik at vi forstår korleis teknologien fungerer om han vert teken i bruk.

Når det er sagt, vert eg raskt ganske matt av den heseblesande stilen dei legg opp til, med nye metaforar rundt kvar sving, men eg innser resignert at dette er tilpassa ei hektisk tid då alt må vere underhaldning. Og innhaldet er for viktig til å leggje boka vekk av den grunn.

Nye premissar

Boka er bygd over tre delar som handlar om byrjinga, midten og sluttfasen av livet. Fyrst altså om korleis bioteknologi kan sørgje for at du får friske barn sjølv om gena dine ikkje legg opp til det. For å forklare korleis dette kan skje, er den gjennomgåande metaforen at mennesket er ein smarttelefon eller ei datamaskin.

Den reproduksjonsteknologien vi alt kjenner til, som sæd- og eggdonasjon, surrogati og ulike typar fosterdiagnostikk som blodprøva NIPT, er berre versjon 1.0. Desse metodane føreset framleis grunnleggjande premissar i biologien: Gena til barnet er fastsette av gena i egg- og sædcellene dei byrja med, og det trengst framleis ei biologisk mor og ein biologisk far. Reproduksjon 2.0 har derimot som mål å hacke biologien før unnfanginga og omgå desse premissane.

Klipp og lim

Det er her CRISPR kjem inn. Metoden som er omtalt som ein av dei viktigaste teknologiane nokosinne. Metoden verkar som ei slags «gensaks» som klipper i gena, og som i prinsippet kan fjerne, leggje til eller byte ut bitar av kva DNA som helst, i kva celletype som helst. Med CRISPR kan ein så å seie rette opp utkastet før det går i trykken.

Korleis vil dette påverke det å få barn i framtida? Kvar går grensa for kva slags eigenskapar som skal klippast bort? Når teknologien vert tilgjengeleg, er det ikkje langt til påstanden om at det er moralsk uansvarleg å la vere å genredigere barn før dei vert fødde. Skrekkversjonen av ei slik framtid kan du sjå i filmen Gattaca frå 1997, som også Bratlie og Kvale tipsar om. Eg har sett han, og det er annleis å sjå filmen i dag enn då han kom. Det som før var fjern science fiction, er i dag fullt mogleg. Hovudpersonen i Gattaca er såkalla «invalid» eller «God-child».

Mora stolte meir på Gud enn på genetikaren. Han vart til på «gamlemåten», i motsetnad til dei som vart framstilte på ansvarleg vis på laboratoriet, fri for lyter og dårlege gen, og som derfor vart kalla «valid». I filmen er det gena som styrer kva utdanning ein får ta, om ein får forsikring, og kva jobbar ein vert kvalifisert til. Dei menneska som ikkje er oppdaterte versjonar av seg sjølve, er annanrangs borgarar. Plottet i filmen handlar om opprøret mot denne tankegangen. For det finst ikkje noko gen for den menneskelege lagnaden.

Teknisk aldring

Kva med aldring? Er det naudsynt at kroppen vert svekt når åra går, og kor gamle kan vi eigentleg bli? Også her skisserer Bratlie og Kvale ein versjon 2.0 av ny teknologi. Medan klassisk skulemedisin har behandla enkeltsjukdomar, er det nye å gå til dei grunnleggjande biologiske mekanismane som vert svekte med åra, og som gjer at sjukdom og veikskap får feste i cellene. Slik vert aldring eit teknisk problem som er til for å løysast.

Alt dette er interessant og viktig å setje seg inn i. Like viktig er det å setje utviklinga inn i eit større perspektiv. Også dette freistar Bratlie og Kvale når dei til dømes stiller samfunnsøkonomiske spørsmål: Kva vil ei eldrebølgje basert på ny bioteknologi innebere for velferdsstaten? Og vil den nye teknologien berre verte tilgjengeleg for dei som kan betale? Dei stiller også det avgjerande spørsmålet om kva eit menneske er.

Men hovudvekta i boka ligg naturleg nok ikkje her. Eg skal ikkje etterlyse ei anna bok enn denne er meint å vere. Men eg vil etterlyse røyster som tek opp dette brennande spørsmålet frå andre vinklar. For der denne boka hevdar at «absolutt alt du er, kommer fra én bitte liten celle», vil eg hevde at eg er meir. Og der boka hevdar at det eg liknar aller mest, er ein smarttelefon, strittar eg imot. Er det noko eg absolutt ikkje vil vere, så er det ei datamaskin.

Alt var ikkje førebestemt av ei celle. Eg vil vere både kropp, sjel og ånd. Det eg etterlyser, er med andre ord forsvaret av mennesket i ei tid då biologien – slik som i denne boka – vert den einerådande forklaringa på livet.

Eivor Andersen Oftestad

Eivor Andersen Oftestad er kyrkjehistorikar og forskar ved Det teologiske menighetsfakultet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis