Bok

Mennesket og byråkratiet

Birger Emanuelsen skriv overtydande om noko han verkeleg kan.

Birger Emanuelsen då Tiden forlag lanserte haustlista si i år.
Birger Emanuelsen då Tiden forlag lanserte haustlista si i år.
Publisert Sist oppdatert

Byråkratiet kjenner truleg dei fleste av oss berre frå utsida, og du skal radt sjå at ein god prosentdel av folket, godt over sperregrensa, ikkje veit at taleskrivar er eit yrke just der, mellom andre tenestemannspostar i statsforvaltinga. Birger Emanuelsen, derimot, har personleg røynsle frå slikt arbeid, og han nyttar erfaringane sine overtydande i den nye romanen sin, Statsråden kommer.

Her møter me Ingrid, ein ung taleskrivar for ein statsråd me ikkje får vita så mykje om, anna enn at han har uvanleg korte armar og truleg har manøvrert ein partirival ut i kulda for godt. Statsråden er berre eit element i kulissane i denne romanen, der det meste går føre seg i hovudet til Ingrid.

Kloke refleksjonar

Ingrid resonnerer framifrå, ho ser tvers igjennom det andre, anten på jobben eller heime, seier og gjer. Ho ser til dømes det tåpelege i situasjonen når ho og ektemannen, Eirik, vert inviterte med på hyttetur av eit anna par, for han som inviterer, gjer det nok mest av di han meiner slike aktivitetar høyrer til vaksenlivet, det er noko han pyntar seg med.

Når Ingrid inviterer to yngre kvinner i departementet på ein prat og ein øl ute på byen, er det ikkje for å vera den vaksne i laget. I grunnen ser det ikkje ut til at ho er så heilt trygg på kvifor ho gjer det, medan ho er svært merksam på funksjonen av handlinga. Etter ein kort tur på toalettet forstår ho, utan at nokon har sagt noko, at dei to andre har snakka om henne.

I det ho kallar eit kort stikk, merker ho den kjensla «som oppstod når du i et fellesskap var utelatt fra et mindre fellesskap, en indre sirkel i den sirkelen du befant deg i, at det som oftest fantes en mer intim forbindelse, et nærere vennskap, og i det næreste vennskapet, som du ikke hadde adgang til, lå det gjemt beskrivelser, oppfatninger og tolkninger av hvem du egentlig var».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement