«Mennesker gjorde dette mot mennesker»
På berre 60 tekstsider viser Zofia Nalkowska det moralske fallet i nazismen.
Zofia Nalkowska (1884–1954) skreiv realistisk-psykologiske romanar, noveller og skodespel.
Foto: Cappelen Damm
Forteljingar
Zofia Nalkowska:
Medaljonger
Omsett av Julia Wiedlocha
Cappelen Damm
Våren 1945, da tyskarane var jaga ut av Polen, blei det etablert ein internasjonal kommisjon med mandat til å granske brotsverka nazistane hadde gjort mot det polske folket. Forfattaren Zofia Nalkowska (1884–1954) var med i denne kommisjonen, og ut frå det innsamla materialet skreiv ho åtte korte forteljingar som grensar opp mot reportasje, dokumentar og intervju: korthogd, nøkternt, usentimentalt og effektivt. Ved å underspele den omsynslause råskapen får ho enda tydelegare fram kva menneske er i stand til å gjere mot kvarandre som noko daglegdags og nødvendig. Vondskapens banalitet, kalla Hannah Arendt det. Boka kom på polsk i 1946.
Perverst barbari
Det er ei enorm kraft i desse tekstane som stiller sivilisasjon og kultur opp mot primitivt og perverst barbari. Når eg les opningsteksten, «Professor Spanner», kjenner eg kvalme og avsky over ei kynisk verksemd som kokar såpe av menneske. Det har vore kjent i alle år etter krigen, men Nalkowska tar lesaren med inn i «fabrikklokalet» ved det anatomiske instituttet i Danzig (Gdansk), leia av SS-mannen professor Rudolf Spanner (1895–1960).
Der ser ho: «(...) trau på trau med lik (...). Anatomiinstituttet hadde kun behov for fjorten lik. Her var det tre hundre og femti.» «Deretter fulgte flere trau med døde, baljer med kropper som var delt i to, partert og flådd. De fåtallige kvinnene var plassert i et eget trau.» «Vi fikk også se en kiste fylt av lag på lag med tynne, garvede og rensede flak av menneskehud.»
Når den historiske revisjonismen har prøvd å redusere såpekoking på menneskefeitt til ein holocaustmyte, er Nalkowskas samtidige observasjonar vanskelege å komme utanom.
Overlevande
Andre tekstar er intervju med polske og jødiske overlevande frå konsentrasjonsleirane, og ein får høyre om vald, tortur, drap og det dei ikkje greier å snakke om: «Det er tydelig at hun utelater mye.» I «Kvinnen på gravlunden» er vi tett utanfor ein jødegetto, og ho som fortel, veit kva som hender bak murane. Likevel har ho ingen sympati: «Det er bedre om tyskerne gjør ende på dem. (…) Hvis tyskerne taper krigen, vil jødene myrde oss.»
Den polske antisemittismen har alltid vore der, også etter at dei polske jødane blei utrydda. I dag bur det i underkant av 10.000 jødar i Polen; før krigen var det tre millionar. Dei fleste polakkar lever godt med dette, noko nobelprisvinnaren Olga Tokarczuk fekk merke da ho for nokre år sidan pirka borti dette nasjonale traumet: Dette snakkar vi ikkje om.
Saman med «Professor Spanner» gjer «Ved togsporet» sterkt inntrykk i skildringa av ei mislukka flukt under transport til ein utryddingsleir. Ei ung kvinne blir skadd i foten og blir liggjande ved togsporet i over eit døgn. Folk frå den næraste landsbyen kjem til utan å gripe inn eller hjelpe henne. Til slutt blir ho skoten «som en bikkje».
Det økonomiske og industrielle aspektet ved holocaust er også med: «Millioner av menneskeliv ble omdannet til råstoff og varer i de polske dødsleirene.» Over tid blei dette ein normaltilstand, og to ungar som hadde overlevd Auschwitz, svarte at «Vi leker at vi brenner jøder» da dei blei spurde om kva dei dreiv med.
Det er Julia Wiedlocha som har plukka ut denne boka og skrive eit klokt etterord for Cappelen Damms serie med oversette meisterverk. Det er all grunn til å takke henne for det. Det er tekstar som brenn seg fast i lesaren. Boka er pensum i det polske skoleverket, og ein kunne ønskje at det også var plass til minst ein av desse tekstane i ei norsk lærebok.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er ei enorm kraft i desse tekstane som stiller sivilisasjon og kultur opp mot primitivt og perverst barbari.
Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.