Bok

Menasjeriet i manesjen

Hvorfor barnet koker i polentaen er ein unik roman om ein særs omflakkande oppvekst.

Forfattar Aglaja Veteranyi voks opp i ein sirkusfamilie og var analfabet til ho var 17 år.
Forfattar Aglaja Veteranyi voks opp i ein sirkusfamilie og var analfabet til ho var 17 år.
Publisert

Om det ikkje nett florerer med romanar om livet til sirkusartistar, lever slike utvilsamt både i eit miljø og med ein livssituasjon som verkar lokkande på kunstnarar. Det er noko med det uvisse, ein eksistens utanfor lov og regel, som gjer at mennesket kjem til syne som individ. Ein styrer mindre etter urverk, tariff og plan enn ein til dømes gjer i det gjennomregulerte arbeidslivet. Om dei fleste av oss til tider kjenner oss som burhøns, er sirkusfolket som ville trekkfuglar å rekna.

Sirkusfamilie

Aglaja Veteranyi voks opp i ein sirkusfamilie under diktaturet i Romania. Familien flykta til vesten, der dei heldt fram med eit omflakkande og uvisst liv. Det same skjer med hovudpersonen i romanen hennar også, men som omsetjaren Peter F. Strassegger påpeikar i det gode etterordet, finst det døme på skilnader mellom livet til Veteranyi og det som jenta i boka lever. Romanen er altså skjønnlitteratur, men med sjølvbiografiske drag. Og for ein herleg, original, underhaldande, gripande og god roman det er!

Mor til jenta er linedansar, men ho gjer også kunstar hengande etter håret. Faren er mellom anna klovn, men han trur visst at han i tillegg er filmregissør. Han brukar opp det meste av pengane deira på idiotiske filmidear, når han ikkje satsar på ein karriere innan ekteskapsbrotfaget, mellom anna med si eiga stedotter. Familien reiser hit og dit, går i oppløysing, lever frå hand til munn og lengtar attende til Romania, der det ikkje er mogleg å bu, og der slekta vert straffa hardt på grunn av rømlingane.

Barnsleg og naivt

Perspektivet i boka er barnsleg og naivt, og teksten er luftig og lettlesen. Enkelte tekstliner er skrivne med versalar, språket er til tider originalt og tankegodset kan ein, med litt sans for diplomati, trygt omtala som idiosynkratisk. Her er nokre døme, først om Gud: «Gud er kokk, han bor i jorden og spiser de døde. Med de store tennene sine kan han bite i stykker alle likkistene.» Her er skildringa av ganglaget til ein portnar: «Ved hvert skritt drar han beina sine som neper ut av jorden.» Til slutt ei forklaring, med store bokstavar, på kvifor folk er gode: «MENNESKENE ER GODE FORDI DE ER REDDE FOR DJEVELEN.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement