Bok
Mellom Paradis og parodi
Per Qvale skriv lett om det alvorlege i ei bok som tek seg opp mot slutten.
Per Qvale er mag.art. i litteraturvitskap. Han har omsett 140 bøker og skodespel.
Foto: Solum Bokvennen
Pseudo-Demosthenes (eit samlenamn på forfattarane av skrifter av Demosthenes som ikkje kan vera av han likevel) sa ein stad noko slikt som at me treng kurtisaner for nyting, konkubiner for å dekka daglege behov og koner til å skaffa oss rettmessige born og til å vakta eignelutane våre.
I den nye romanen til Per Qvale, Veblen, lever hovudpersonen Knut i tråd med denne gamle greske oppskrifta. Han kom til verda i 1927, og lesaren får eit resymé av det meste av livet hans, heilt fram mot våre dagar, ikkje minst får me sjå at Knut køyrer sosial slalåm gjennom ein skog der suset i trea druknar i gryntekoret frå dei mange svina. Sagt annleis: Han er ein meister i sidesprang, og han tek lett på det.
Munter fyr
Knut er ein munter fyr, kan hende av di, eller trass i, at han er økonom. Store hendingar i livet hans vert skildra som små, sjølv om romanen tidt hevdar at dei er viktige. Sorg og ulukke i teksten råkar nemleg ikkje lesaren, og sjølv om store delar av romanen består av replikkar, kjennest boka som ei samling overflatiske referat.
Ein kjem ikkje heilt nær Knut, ikkje på annan måte enn at ein ser han som ein egosentrisk pratmakar, ein storprodusent av blødmer og i det heile eit menneske som lever i ei boble der han utgjer eit unnatak frå dei reglane han elles meiner er gjeldande i verda.
Til dømes formulerer han ein hypotese om at utruskap er bra for eit ekteskap. Knut er ein kunnskapsrik mann, men han ser ikkje at denne hypotesen ikkje er generell, men spesiell. Når den første kona hans truleg har hatt eit sidesprang sjølv, reknar han ho for ei «bedragerske», og mannen ho då var i lag med, var ein svikar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.