Mellom is og eld
Maren Barlien skriv klokt om sterke krefter under utrygge yter.
Maren Barlien er nordtrønder busett i Oslo. Ho har gått på forfattarstudiet i Bø og arbeider som omsetjar og organist.
Foto: Ole Ekker
Roman
Maren Barlien:
Einbreid bru
Samlaget
Ei reise er til og frå i same rørsle, noko anna skulle ha tatt seg ut. Men ein tenkjer ikkje alltid så nøye over det, reisa er definert ved målet. I den fine debutromanen Einbreid bru av Maren Barlien vert lesaren derimot merksam på at hovudpersonen Astrid først og fremst har reist bort frå eitkvart, og at målet ikkje er det eigentlege poenget når ho kjem til Island for å arbeida for den gamle mannen Gudmundur på hestegarden hans. Til familien i Noreg har ho sagt at ho skal til Island for å studera musikk.
Astrid kjem til ein stad nord på Sagaøya vinterstid, då det er lite å gjera på hestegarden, og ho er den einaste utanfrå, medan det i sommarhalvåret er mange slike som ho hjå han Gudmundur.
Ein nerve i teksten
Lesaren anar fort at det er ein ekstra nerve i teksten, eitkvart ligg under, Astrid har eit litt skeptisk blikk på verda ikring seg, ho er alvorsam og noko inneslutta. Ho forstår litt islandsk, og Gudmundur kan dansk, som jo i islandsk versjon er lett å forstå for nordmenn. Under opphaldet på garden lærer ho meir islandsk, men ho har ikkje mange å kommunisera med.
Husverten Gudmundur vert portrettert glimrande nesten heilt utan skildring. Forfattaren er atterhalden med konkrete detaljar, men ein merkar seg at Gudmundur er ein tenksam mann som veit råd i alle små knipetak, og sikkert store også, og det slår lesaren at han er av ein svært sjeldan rase, nemleg «dei vaksne».
I mangt liknar han på mannen Hadar i Hummelhonung av Torgny Lindgren, han har tileigna seg kunnskapen han treng. Det kjem fram at han har studert psykologi, og at garden med hestane mellom anna representerer eit terapeutisk tilbod. Det er vel då just som det vert sagt i den svenske filmen Mitt liv som hund: «När du grips av oron, skall du vila vid en häst.»
Ei løgn i botnen
Dagane går med strigling, fôring og rideturar, alt skildra absolutt plausibelt av Barlien, men ein stussar heile tida over den løgna som ligg i botnen, det Astrid har sagt til folket heime. Ho har også påfallande lite kontakt med Noreg, og ei stund tenkjer ein at det er her heile det underliggjande i romanen finst, eitkvart kokande under ei kjølig yte, men så kjem noko anna til.
Nevøen til Gudmundur, Halli, kjem med eit tilbod til Astrid, ho kan få vera med han på fiske. Ho tek imot tilbodet, men fisketuren vert det ikkje noko av. Derimot briljerer Barlien med å syna korleis Halli kan hende syslar med tankar om eigarskap til Astrid, på meisterleg vis klarer forfattaren å teikna eit fascinerande psykologisk portrett også av Halli. Sjølv om nesten ingenting vert sagt eller gjort mellom dei to, forstår ein at Astrid gjer vel i å komma seg attende til Gudmundur, noko ho gjer ved ei dramatisk vandring gjennom uvêret som er nær sagt ein konstant føresetnad i romanen, for her er det snøstorm eller skodde, medan eit vulkanutbrot ovrar seg lenger sør i gardane (Fagradalsfjall, skal tru?), ein er mellom is og eld.
Dette er ein imponerande debutroman utan lesarflørt eller sminke av noko slag. Barlien syner oss at eitkvart ligg under yta, og plasseringa av handlinga i eit vinterleg Nord-Island høver godt til det som ligg i og under teksten. Dei sterke kjenslene til Halli, det som kjem fram om ein dårleg mor–dotter-relasjon, hestane som er betre til å roa nervane hjå folk enn hjå hestar. Alt dette er godt turnert og gjer romanen levande og spennande.
Odd W. Surén
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.