Meisterleg
Carl Frode Tiller ser likskapen mellom urørt natur og menneskenatur.
Carl Frode Tiller
Foto: Akam1k3 / Aschehoug
Roman
Carl Frode Tiller:
Begynnelser
Aschehoug
Det er ei alminneleg oppfatning at hos den døyande passerer livet i revy, anten kronologisk eller omvendt kronologisk, men helst hulter til bulter som minneglimt frå gode og vonde dagar, og herifrå er ikkje steget så langt til Søren Kierkegaards eksistensfilosofiske aforisme om at «Livet kan bare forstås baklengs, men må leves forlengs».
Dette grepet står sentralt i Carl Frode Tillers nye roman, Begynnelser, der forteljaren Terje på dødsleiet opplever sitt eige liv baklengs frå frontkollisjonen han vel som avslutning, og lag på lag bakover gjennom familielivet, arbeidet som miljøkonsulent hos fylkesmannen i Sør-Trøndelag, forholdet til foreldra og søstera Anita, oppveksten i Namsos og barndomsminne tilbake til seks–sjuårsalderen.
Det framande
Tiller har valt eit Pessoa-sitat som devise til romanen: «Det fremmede iakttar oss fra skyggene». Dette framande dukkar stadig opp gjennom romanen, anten i form av ei kjensle av at nokon står bak ein, eller i form av å gå over i ein annan tilstand – som eit anna menneske, som dyr eller insekt, ja, også som plante. Denne panteismen kan lesast som bakgrunn for Terjes totale engasjement i miljøvern som «byråkratiets Noa», og han tenkjer at «vi burde leve slik at dei andre artane saknar oss den dagen vår art er borte frå kloden».
Terjes engasjement i den urørte naturen har motstykket sitt i den urørte menneskenaturen – der «det fremmede iakttar oss». Her viser Tiller seg igjen som ein sann menneskekjennar i kombinasjonen av sosiologiske observasjonar og psykologiske boringar i skadeskotne individ der nokon går til grunne, medan andre greier seg fram til eit punkt der dei sjølv vel slutten. Det er noko ibsensk over dette Vildanden-motivet hos Tiller, og det lyser gresk tragedie og skjebnedrama der Tiller løftar fram kjernefamilien som kamparena.
Miljøengasjement
Sidan debuten med Skråninga tilbake i 2001 har Tiller levert utsøkt prosa på øvste hylle, slik også i årets bok. Igjen viser han fram det kjærleikshatet som finst i nære familierelasjonar, og han har ei eiga evne til å spisse situasjonar og konfliktar der målet er å såre motparten inn til det punktet der inga unnskyldning finst, berre ein gnagande anger som ein brenn inne med. Slik byggjer det seg opp lag på lag med murar og stengsel som held personane fanga i seg sjølv.
Miljøengasjement verkar å vere ein gjengangar i årets bokhaust. Ein finn det hos Gøhril Gabrielsen i romanen Ankomst, og i enda sterkare grad er det til stades i Maja Lundes nye roman Blå i ein kombinasjon av miljøkrise og flyktningkrise. Hos alle er det kjeldelister som dokumenterer fakta, og slik nærmar romanen seg dokumentaren utan å tape fiksjonskraft og berøringskraft.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sidan debuten har Tiller levert utsøkt prosa på øvste hylle, slik også i årets bok.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.