Bok

Medan havet stig

Åpenbaringen syner endetidsdystopi og ei generasjonskløft i nyansar av grått.

Erland Kiøsterud byr på gode skildringar i romanen.
Erland Kiøsterud byr på gode skildringar i romanen.
Publisert

«Verda er endra», seier Galadriel, halvgudinna for det gode og ubrigda i filmserien basert på Ringenes herre, sjølv om eg ikkje minnest at ho sa det i bøkene, medan teknokraten Saruman seier at «verda endrar seg». Skilnaden på utsegnene tykkjest liten, men er i røynda stor. Den første påstanden syner eit statisk perspektiv, den andre eit dynamisk. Noko av det same meiner eg å sjå i ein elles uforståeleg generasjonskonflikt som kjem til yta mot slutten av Åpenbaringen, den nye romanen til Erland Kiøsterud.

Emosjonell figur

I Åpenbaringen er me inne i hovudet til Christian, som saman med kona Magda-Marie held liv i eit lite pensjonat han har arva, Pensjonat Holmen, ein stad ved Oslofjorden. Klientellet er flyktningar frå ymse land, og utanfor fjordidyllen ser det ut til at verda er ved å gå ad undas, for havet stig og det er borgarkrigstilstandar mange stader.

Selskap kjøper opp tomter nær pensjonat Holmen, og gamle hagar vert raserte for at nye bustadar skal få plass. Christian er skeptisk til utviklinga, for han har ei kjensle av at Holmen pensjonat snart kan kverva i skodda, som stundom er å sjå i boka, i alle høve er eit av dei finaste partia i boka ei skildring av vandring i skodde. Christian har der ei kjensle av å gå i eitt med alt, og han er i det store og heile ein emosjonell karakter, han reagerer med kjensler heller enn intellektuelt, og språket hans vert noko affektert til tider, som når han tenkjer at «den som ikke har et sted å legge fra seg sjelen sin, har ikke noe hjem».

Sidan dette er tankane til ein romanfigur, lyt lesaren godta at han ordlegg seg slik, sjølv om det røyner på og ein gjerne skulle ha spurt han litt ut om denne sjela, kvar ho er, kva ho er og korleis ein kan nytta henne som eit plagg. Slike spørsmål stiller eg til teksten heile tida, og det tyder på at eg og Christian ikkje har heilt kompatible hovud. Eit anna problem for meg er referatstilen, mest tydeleg når Christian nemner ein krangel mellom han og Magda-Marie. Påstanden om sterke kjensler syner ikkje att i orda, og det Magda-Marie seier, framleis oppøst, men etter sjølve krangelen, må vera heilt sjølvsagt for dei båe, eit lite resymé av livet så langt. På den andre sida har Christian nokre fulltreffarar også, som når han tenkjer dette: «Jeg kan ikke tro at sorgen over å ha mistet det som en gang var mellom oss, skal være det eneste vi har felles.»

To vendingar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement