Bok
Med døden som fylgje
Byrået er ein roman om ein uvanleg krunglete veg tilbake til livet.
Eskil Skjeldal har skrive fleire sakprosabøker og debuterte med ein roman i 2021.
Foto: Vegard Giskehaug
Med Byrået held Eskil Skjeldal fram langs det tematiske sporet frå romandebuten i 2021. Også i Fars hage, mors hus, utforska forfattaren menneskesinnet og forholdet mellom individet og flokken.
Olav Haraldsson er ein søring som har flytta nordover og etablert seg som gravferdsagent. Han er framstilt som ryddig, observant og profesjonell i jobben sin, og litt i overmål tilfreds med det balanserte forholdet han har til sorga som omgjev han. Likevel er det noko som ikkje stemmer. Mykje er fråverande i livet hans. Ja, det synest nærast som han lever eit halvt liv. Han skildrar kontoret sitt som ei likkiste med god utsikt, og samstundes forklarer han at «om jeg ikke orker å dra hjem, finner jeg fram madrassen på bakrommet og sover på kontoret».
Klaustrofobisk
Bortsett frå dei kontaktane han har skaffa seg gjennom yrket, har han knapt nokon som kan kallast vener. Unnataket er naboane, Marta og Per, eit eldre ektepar han av og til et middag med. Då Per vert borte på sjøen, må Olav navigere mellom rollene som gravferdsagent og ven. Det viser seg å vere svært vanskeleg, sidan han har så lita røynsle med venskap.
Sprekkar opnar seg i panseret han har bygd opp mot verda. Utan uniforma, den svarte dressen til gravferdsagenten, er han på gyngande grunn, og dei godt innøvde responsane han nyttar seg av i yrket, er ubrukelege. I store delar av teksten finn vi han i diskusjon med ein ekstremt unådig indre kritikar: Kva skal han seie? Når skal han seie det? Korleis skal han oppføre seg? Korleis skal han kle seg?
Grav alvorleg
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.