«Med baugen først»
Essaya i Rapportar frå randsonene er sjølvstendige, verdfulle tilskot til essaytradisjonen vår.
Margunn Vikingstad er litteraturkritikar.
Foto: Pelikanen Forlag
Essay
Margunn Vikingstad:
Rapportar frå randsonene
Pelikanen Forlag
Det kan aldri verte nok essayistikk i Noreg, og spesielt ikkje frå kvinner. Heldigvis har vi fått fleire og fleire kvinnelege essayistar som formulerer litt andre perspektiv og har litt andre tilgangsmåtar til stoffet sitt enn mange menn. Jau då, vi har ein god flokk framifrå mannlege essayistar òg, men det er moro å sjå korleis sjangeren utviklar seg. Især sidan han har vorte stilt i skuggen av sakprosaen som samlesekk, der dei funderande, ofte underfundige tekstane får mindre merksemd enn opplysningsprosaen og annan drøftingsprosa. Her er då ei fundersam, tankevekkjande bok.
Vikingstad er ganske overraskande, og ho går rett på sak med si finurlege, fine blanding av tekstanalyse og subjektive klårgjeringar av eige utgangspunkt. Ho fortel ein stad at mannen hennar har hevda ho lever slik at ho «har baugen først» – altså at ho alltid steller seg slik at ho er klar til utfart og på hogget. Den metaforen er ganske så god som karakteristikk av essaysamlinga.
Boka innleier med å gjere greie for ståstaden forfattaren har til tekstlesing. Forfattaren tillèt seg å vere subjektiv og referere til eigne røynsler, noko som hjelper til å skjøne perspektiva ho utviklar. Dei «knyter seg […] til ei (ut)veksling mellom fridom og fellesskap, men òg mellom fantasi og verkelegheit». Dette har då tydelegvis avgjort utvalet av bøker og forfattarskap: Sara Stridsberg, Geir Gulliksen, Anne Oterholm, Inger Bråtveit, Jan Roar Leikvoll, Helle Helle og Jon Fosse.
Vi møter nokre av dei store eksistensielle spørsmåla: sorgas arkitektur, kjærleikens sjølvmedvit, lygn og sjølvframstilling, mor-og-dotter-tilhøvet, døden og minna om livet, det umoglege i det sosiale livet og den uuthaldelege fridomen. Eit knippe av vel turnerte eksistensielle spørsmål som gjennom dialogen med tekstane som er omtala, utviklar ein variant av denne særskilde måten gode essayistar like sidan Montaigne har klart å snu på utgangspunktet, plassere sin synsvinkel på stoffet og temaet utan å bli påtrengjande, og snu merksemda til lesaren.
Dette er sjølvstendige, verdfulle tilskot til essaytradisjonen vår, og ingen må tru at berre av di tekstane tek for seg sentrale, samtidige forfattarar vi alle gjerne treng vite meir om, så er dei keisame. Nei, her får vi mat for ettertanken, samstundes med at vi får hjelp til å nærme oss tekstar på ein mindre nasegrus beundrande måte enn vi ofte ser for tida. Kort og godt, eit fint lite knippe av essay som hjelper oss å tenkje, og å tenkje på nytt. Gratulerer til den lesaren som finn fram til denne vesle boka.
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dette er sjølvstendige, verdfulle tilskot til essaytradisjonen vår.
Fleire artiklar
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
«Måltidet skreid fram under både lågmælte og høglydte sukk og stønn.»
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE
Sjakken lever vidare som eit kuriosum og freak-show, noko som passar meg ganske bra i denne spalta, skriv Atle Grønn.
Når den ambisiøse kokken Almut (Florence Pugh) møter nyskilde Tobias (Andrew Garfield), endrar livet seg for alltid.
Foto: Ymer Media
At eg tek til tårene, betyr ikkje at eg elskar We Live in Time.
Ein demonstrant med gassmaske protesterer i Tblisi 2. desember mot at den nye regjeringa vil leggja vekk EU-søknaden.
Foto: Irakli Gedenidze / Reuters / NTB