Mannen, ballen og sjakkbrikkene
80-talet, denne dronninga av tiår, the best of decades, the worst of decades. Tiåret til Atle Grønn. Tiåret til Simen Agdestein. Mitt tiår også.
Simen Agdestein, Noregs første stormeister i sjakk.
Foto: Morten Hvaal / NTB
Sakprosa
Atle Grønn:
Sjakken som var. Fortellingen om Simen Agdestein og hans tid
Cappelen Damm
Eg tenker ikkje på det som gamle dagar. Like fullt er det det Atle Grønn impliserer, med tittelen på den nye boka si, Sjakken som var. At 80-talet var ei anna tid, med ein annan sjakk. Gamle dagar.
Og for verdas største og mest populære brettspel har han rett, for det er eit før og eit etter: før internett, etter internett. Og, vil eg legge til, før og etter murens fall.
For internett, saman med murens fall og Sovjetunionens samanbrot, endra retninga på sjakkutviklinga. Sjakk var i ferd med døy bort til ei austeuropeisk spesialøving (som langrenn er for Noreg), berre for dei spesielt interesserte i Vesten.
I toppen var den russiske dominansen total. Med unnatak av Bobby Fischer (1972–1975) var alle verdsmeistrar frå andre verdskrigen til 1989 frå Sovjet. Det reflekterte situasjonen på klubbnivå. Alle i Aust-Europa spelte sjakk, eg har sjølv spelt på gater og i parkar og på festar i Ungarn, Polen og Russland. I Vesten var det spelet til dei gamle og rare (og utvandra russarar!), sært og nerdete.
I staden vart sjakk ein global aktivitet som om lag 600 millionar menneske spelar. Reknar vi sjakk som idrett, er det trygt inne på lista over verdas ti største. Større enn golf og baseball, mindre enn volleyball og tennis. Inne på topp 20 i verda er spelarar frå Russland, Kina, India, USA og Europa. Veldig få idrettar har så brei representasjon i toppen.
Internett redda sjakken
Sovjetunionens fall la grunnlag for at dette kunne skje. Andre land kunne ta innpå, og dei fekk eit nytt verktøy: Internett redda sjakken. Brått kunne ein spele med folk frå heile verda, når ein ville. Ein kunne byte ut den innrøykte sjakklubben kvar torsdag klokka 19 med kven som helst, kvar som helst. Og der fotball, boksing eller bilspel på nett er ei etterlikning av røynda, er sjakk på nett røynda. Spelet er det same, ingen kopi.
Sjakken som var er om tida før gjennombrotet, men også før dataanalysar på tidels sekund og databasar med alle parti i. Det var bøkene og Russland si tid.
Og Simen Agdesteins tid. For Atle Grønn prøver å skildre denne tida gjennom historia om den beste norske spelaren før Magnus Carlsen (som best nummer 16 i verda), ein spelar som også hadde si store tid på 80-talet.
Det er ei bok som har to historier: Ho handlar om både mannen og ballen (og sjakkbrikkene). Det er ein biografi om Agdestein, men samstundes ei tidsskildring. Eit forsøk på å vekke til live eit miljø og ein levemåte som knapt finst lenger, og som Grønn gjorde så levande med boka Sjakken eller livet.
Har han lukkast? Ja. Men både og, vil eg svare litt strengt.
La oss starte med mannen. Boka fortel ei spennande historie om ein original og briljant ung mann som nesten tilfeldig snublar inn i livet som toppspelar i sjakk og fotball (åtte landskampar, heilt til han takkar nei til ein landskamp til fordel for ei sjakkturnering). Han begynner seriøst med sjakk ganske seint og har openbert eit naturtalent – han kan trenge djupare ned enn andre. Men også eit talent for å bli oppslukt i ei total interesse som driv han framover. Det må vere gøy skal han drive med det! Så også med idretten, det slår meg at forteljinga om Agdestein også er om toppfotballen som var. Før dagens proffotball.
To idrettar
Kanskje er boka på sitt beste og mest intense når ho trenger inn i livet til den unge Agdestein. Utan å bli eit psykologisk portrett klarer ho å få fram forvirringa hans og søkinga etter seg sjølv, kven han eigentleg skal vere, men også kor unikt framgangsrik han er i to heilt ulike idrettar.
I lange parti går boka over til å vere ei slags sjakkbok light. Sjakk har sitt eige språk, sjakknotasjon. Med sjakkbok meiner eg at dette språket blir teke i bruk for å fortelje om Agdesteins møte med ei rekke spelarar i ulike turneringar. Med «light» meiner eg at partia er korte og enkle, så ein kan henge med sjølv med berre litt innsikt i sjakk.
Spelarar og hendingar blir kort og kronologisk introduserte etter som Agdestein møter dei i turneringar rundt omkring i verda. Dette grepet skaper eit visst overflatisk preg, boka hastar gjennom viktige motspelarar han har møtt.
Den andre hovudpersonen, epoken, er også elegant skildra. Då Agdestein reiser for å delta i ei lang turnering som varer i veker, gløymer han det viktigaste heime. Ikkje mobilen. Nei, sjakkmagasina og bøkene med all informasjonen vi i dag ville ha samla på mobilen. Den austeuropeiske dominansen slår også mot oss over boksidene.
Men først og fremst knyter Grønn desse saman. Han leitar etter spora av kven Agdestein var og er, kva han tenkte åleine under lange turneringar i kamp mot sjakksystemet til Sovjet. Korleis han balanserte (eller ikkje klarte å balansere) sjakk og fotball, i eit tid då det var mogeleg å vere veldig god i noko utan å bli slukt av det frå ein var elleve år. Og ikkje minst, når og kvifor det går utforbakke både med sjakken som var, og med Agdestein.
Ein tidsepoke og ein mann. Mykje på drygt 250 sider, noko som bidrar til eit visst overflatisk preg. Samstundes har Grønn skrive ei bok som både er ein biografi over ein interessant nordmann og eit portrett av ein tidsepoke. Det er alt i alt imponerande, og leseverdig.
Bård Vegar Solhjell
Bård Vegar Solhjell er direktør i Direktoratet for utviklingssamarbeid og har skrive boka Sjakk – ei kjærleikshistorie.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE
Sjakken lever vidare som eit kuriosum og freak-show, noko som passar meg ganske bra i denne spalta, skriv Atle Grønn.
Når den ambisiøse kokken Almut (Florence Pugh) møter nyskilde Tobias (Andrew Garfield), endrar livet seg for alltid.
Foto: Ymer Media
At eg tek til tårene, betyr ikkje at eg elskar We Live in Time.
Gjennom foto og tekst dokumenterte Maria Gros Vatne eit annleis liv på bloggen Wildandfree.no. Ho og mannen Nik Payne forlét bylivet og trygge jobbar til fordel for økologisk gardsbruk og heimeskule. Her ser me sonen Falk.
Foto: Maria Gros Vatne
Frå draum til sorg
Ukjent landskap vinn den eine prisen etter den andre. No er den å finne på lista over filmar som er kvalifiserte til vurdering av Oscar-akademiet i kategorien «Beste dokumentarfilm».
Peter Flamm (1891–1963) var ein tysk lege med jødisk familiebakgrunn som i 1926 gjorde furore med debutromanen.
Foto: Otto Kurt Vogelsang / Ullstein bild
«Jeg? er ein djupt fascinerande og høgst moderne tekst om sinnsforvirring og dobbeltgjengeri»
Marie Blokhus, Gard Skagestad og Kirsti Refseth spelar stykket til den tyske dramatikaren Marius von Mayenburg.
Foto: Monica Tormassy / Det Norske Teatret
Kven har makt over kven?
Velspelt om medviten og umedviten makt, sanning, manipulasjon og illusjon.