Bok

Mange liv i eitt

Ia Genbergs vesle roman rommar fantastiske setningar.

Ia Genberg debuterte som forfattar i 2016. Ti år etter fekk ho Augustprisen for romanen som no er komen ut på norsk.
Ia Genberg debuterte som forfattar i 2016. Ti år etter fekk ho Augustprisen for romanen som no er komen ut på norsk.
Publisert

Detaljene er ei bok som er like sterk og tydeleg som eit manifest, men utan programfesta dogme. På stillferdig vis syner romanen korleis relasjonane utgjer livet vårt. Gjennom viktige menneskemøte blir vi omskapte og attskapte på nytt og på nytt gjennom heile livet.

Eg seier det like gjerne med ein gong: Detaljene var ei nyting å lese! Kanskje særleg for oss som er av same generasjon som forfattaren og hovudpersonen: Vi som var unge og etter kvart blei – noko motviljug – vaksne i 1990-åra. Men det er ikkje nostalgi som er Genbergs hovudgreie, sjølv om teksten også vekkjer slike kjensler.

Mange liv i eitt

«Vi lever så mange liv inne i livet vårt, mindre liv med mennesker som kommer og går, venner som forsvinner, barn som vokser opp, og jeg forstår aldri hvilket av livene mine som er selve rammen», står det langt ute i boka. Forteljaren konkluderer så med at det ikkje finst noka overordna ramme, heilskapen finst i «mennesker som uten rang vandrer inn og ut gjennom ansiktet mitt». Like etter står det: «Fra de dødes synsvinkel blir kronologien uinteressant.» Boka vrimlar av slike fantastiske setningar, setningar ein får lyst til å henge på veggen.

Romanen er utprega litterær, personane vi møter, har forfattarskap knytt til seg. Det heile byrjar med at forteljaren vil lese om att ein roman av Paul Auster. I boka finn ho ei helsing frå Johanna, som var kjærasten hennar, den gongen for lenge sidan. Så rullar dette forholdet opp, ikkje kronologisk fortalt – men likevel frå byrjing til slutt. Det endelege punktumet for relasjonen kjem mange år seinare når hovudpersonen høyrer Johanna (som blir ei kjend figur i media) seie på radio at ho aldri har lika Paul Auster. Det blir eit sjokk, ei avvising av alt dei hadde saman.

Djup og lesarvennleg

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement