Bok
Makelaus historieformidling
Peter Englund viser krigens sanne ansikt, dag for dag gjennom ein heil månad i 1942.
Kanonen på den tyske stridsvogna peikar mot Stalingrad i eit åtak i 1942.
Foto: AP / NTB
Sidan 2002 har Peter Englund hatt stol nummer ti i Svenska Akademin, og mellom 2009 og 2015 var han fast sekretær for De Aderton. På grunn av store kontroversar internt i Akademin trekte Englund seg ut i 2018, men han er framleis medlem på livstid.
Peter Englund er ein svært skolert krigshistorikar og essayist med ei usedvanleg formidlingsevne slik han står fram i Poltava. Fortellingen om en hærs undergang (1988), i Ufredsår (1993) og i Krigens skjønnhet og sorg (2008). Essaysamlingane Fortidens landskap (1991) og Brev fra nullpunktet (1996) viser i tillegg Englunds ekstraordinære evne til å finne essensen og samanhengen i små detaljar og utvide dei til noko langt større.
Det er også dette han gjer i Onde netters drømmer når han følgjer 14 kvinner og 25 menn gjennom november 1942, krigens vendepunkt, slik den russiske journalisten og forfattaren Vera Inber noterer i dagboka si 22. november når ho høyrer om utviklinga ved Stalingrad: «Kanskje dette er det man gjerne kaller krigens vendepunkt?»
Brev og notat
Englund er heile vegen tett på dette vendepunktet med omlegginga til ein mektig krigsindustri i USA, utviklinga av atomvåpen, det tyske nederlaget i Nord-Afrika, dei japanske tilbakeslaga i Søraust-Asia, alt saman sett gjennom enkeltindivid på begge sider av konflikten, det vere seg eit tysk u-båtmannskap på tokt i Atlanteren eller ei heimeverande husmor i New York, ein australsk krigsfange i Thailand eller ei gruppe partisanar i Belarus.
Felles for alle er at dei skriv dagbok, skriv brev og notat, loggbøker og rapportar, alt saman verdfulle kjelder for den som vil sjå krigens kvardag på nært hald, og ikkje gjennom sensurerte medium eller løgnaktig propaganda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.