JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Lyset er vårt ansvar

Lyset vinn ein hardt tilkjempa siger i Ali Smiths nyaste roman.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den siste av dei fire årstidsbøkene til Ali Smith er no komen på norsk.

Foto: Sarah Wood

3794
20210521
3794
20210521

Roman

Ali Smith:

Sommer

Omsett av Merete Alfsen
Oktober

Sommer er den siste i Ali Smiths vidgjetne årstidskvartett. Dei fire romanane fungerer som sjølvstendige forteljingar samstundes som dei heng saman i ein kompleks collage av refleksjonar over samtida. Smith syner oss dessutan at ingenting er heilt nytt under sola. Forfattaren trekkjer tydelege linjer bakover så vi får auge på samanhengar og forbindelsar med tider og menneske før oss.

Dette er tekster som er brennaktuelle, og som i tillegg kan fortelje seinare generasjonar om korleis vi levde og overlevde i desse merkelege tidene eit par tiår innpå 2000-talet.

Tru på sommaren

«Vi beveger oss instinktivt mot den, som om den må bety noe. Vi ser alltid etter den, ser mot den, (…) ser etter det åpne, fylte bladet, den åpne varmen, løftet om at vi en dag snart, skal kunne lene oss tilbake og la sommeren ta oss, en dag, snart, skal verden behandle oss pent.» Sommaren er meir ein lengt og ein draum, ein indre tilstand meir enn ein ytre realitet. Både bokstaveleg og i overført tyding, i boka er den varme årstida mest tydeleg som kontrast.

Hovudhandlinga på notidsplanet skjer nemleg om vinteren. I sentrum står ein liten familie på tre, mor Grace og dei to tenåringsbarna hennar, Robert og Sacha. Barna er særs engasjerte i dei store spørsmåla i samtida, og dialogane dei har om tema dei er opptekne av, tar opp stor plass i boka.

Det er særs oppegåande barn som diskuterer aktuelle spørsmål som klimakrise, internering av flyktningar og rasisme – og dessutan meir evige filosofiske spørsmål. At barna høyrer til blant dei som tenkjer best og tenkjer lengst, er nokså gjennomgåande i Smiths bøker. Barna er håpet ­– om ei betre framtid og om ei framtid i det heile.

Som i dei andre tre årstidsbøkene har Sommer fleire parallelle tidsplan og handlingstrådar. I kapitla om sommaren 1940 møter vi att ein person frå den første boka i serien, Høst, Daniel Gluck. I lag med mange tusen andre var Gluck internert på Isle of Man. Historia om dei internerte jødane i Storbritannia var ukjend for meg. Å lese Smith gir som vanleg lyst til å vite meir, eller som forfattaren kallar det: å gjere verda større.

Einstein

Ein som verkeleg gjorde verda større for heile menneskeslekta, var Albert Einstein. Robert er særs oppteken av han, som eit førebilete både vitskapeleg og moralsk. Einstein er også viktig her som jøde og forfølgd, slik som Daniel og Daniels syster og niese. Midt inne i boka får vi ei gripande soge i soga om dei to siste på rømmen frå nazistane.

Einstein forska blant mykje anna på tid. Tid og syklusar, liv og død, har vore eit gjennomgangstema i denne serien bunde saman av årstidene. Kvar av bøkene i kvartetten er knytt til eit Shakespeare-skodespel, i sommarboka er det – typisk for Smith som dyrkar det paradoksale – Eit vintereventyr. Grace er skodespelar og spela i dette stykket på turné ein sommar i ungdommen (altså endå eit tidsplan i romanen). Stykket seier noko om temaet for heile boka, det viser at gamle sår kan gro gjennom den lækjande krafta tid har, og gjennom menneskeleg empati. Romanen peiker på korleis kunsten gir håp og frelse til menneskeslekta og kan føre oss saman i ei tid som splittar.

Sommer er så kompleks og fleirstemmig at det er umogleg å gi ein fyllestgjerande omtale på nokre få linjer. Boka er rik, men ikkje tunglesen, og slett ikkje tung på andre vis trass i alt alvoret. Lyset må vi sjølve sørgje for. Slik har det vore før, og slik er det i det veldige mørket som har ramma oss no, med pandemi, flyktningkrise og miljøkrise.

Omsetjinga er som vanleg framifrå av Merete Alfsen.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sommer er kompleks og fleirstemmig.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis