Bok
Lyden av samlivskrise
Cathrine Evelid skriv med antenner for infralyden i eit forhold.
Cathrine Evelid er utdanna biletkunstar og har skrive fleire romanar.
Foto: Pernilelle Blåfjell Walvik
Cathrine Evelid debuterte i 2012 med romanen Mamma er en countrysang. Året etter kom Dingelen og Ramona og i 2016 Drømmer fra Texaco. Ho har fått gode meldingar, og det er stilt forventningar til henne. Sjølv skreiv eg om Drømmer fra Texaco: «Det skal bli spennande å sjå den vidare utviklinga i det eg trur kan bli ein viktig forfattarskap.»
Intens historie
Med Lyden av fjell innfrir ho igjen med ei intens historie om ein mann som slit med seg sjølv og den sosiale angsten som styrer kvardagen hans, fortetta til ei veke frå måndag til måndag og med sluttstrek laurdagen deretter. Ikkje spesielt originalt verken i komposisjon eller innhald, men likevel med eit sug i framstillinga som drar lesaren til seg, og knepet er kjent: Evelid held korta tett til brystet og avslører litt etter litt og slett ikkje alt.
Vi møter paret Berit og Jon med to mindreårige barn i rekkehus på Risløkka i Oslo. Berit er saksbehandlar i Nav, Jon har eit lydstudio i ein sliten bygard der også faren driv som «mångsysslare». Logistikken med småbarn er krevjande med høgt tempo, jag og stress, og dette pregar også forholdet, som meir og meir tar form av ei samlivskrise. Det er noko i Jons fortid som Berit ikkje får taket på, og som Jon aldri blir ferdig med: «Du ser deg alltid tilbake», seier ho, og det han ser tilbake på, er barndommen, russetida og drapet på ein vektar som Jon har sona ferdig for samtidig som han framleis sonar.
Samansett sinn
Jon er redd for å bli gjenkjend, er tydeleg paranoid, er plaga av øyresus, har sosial angst og prøver å kontrollere situasjonar slik at alt ikkje skal låse seg i togn, flukt eller aggresjon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.