JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Løyndomsfulle tidssamband

Vidar Sundstøl søkjer heller ut av enn inn i samtida.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vidar Sundstøl tok farvel med krimsjangeren i 2019 og har sidan skrive fleire romanar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

3829
20210212
3829
20210212

Roman

Vidar Sundstøl:

Jeg sank

Tiden

Vidar Sundstøl fekk eit namn som feira krimforfattar for rundt ti år sidan. I dei tre siste bøkene har han tatt for seg litt andre slags gåter.

Det handlar mykje om løyndomsfulle samband mellom fortida og vår eiga tid. I dei to siste romanane hans er den norrøne tida og det rike mytestoffet som høyrer til, viktige omdreiingspunkt for handling og tematikk.

Sundstøl skriv fram parallelle tidsplan og verder. Her er motiv vi kjenner frå mytologien, men som kanskje fleire i dag knyter til populærkultur og litteratur: Ideen om ein hær av daudingar som kjem til dei levande for å ta hemn, og at skapningar frå fortida kan gripe inn i vår eiga tid, nytten av ein god stav for å drive seid/trolldom, og vesen som livnærer seg av menneskeblod.

Dei av oss som tykkjer slikt er fascinerande, blir glade for at ein så god forfattar tar desse førestillingane på alvor og ikkje minst at han tar dei attende til der dei høyrer heime, i vår eiga kulturhistorie.

Ut av di tid

Eddy Kromvik er ein forfattar som slett ikkje vil skrive om det som tel og gir utteljing i samtida, men heller søkjer seg langt bakover til farne tider. Det siste han vil, er å skrive ein roman som kan «sitte pent på gulvet og logre med halen i håp om at noen skal klappe den på hodet og kalle den god».

Eddy går sine eigne vegar. Når han no skal i gang med ein ny roman, reiser han til staden som skal vere utgangspunktet for boka han vil skrive. Utanfor Avaldsnes på Karmøy finst eit skjer som er kjent som Skrattaskjer. Skjeret er med i ei scene i soga om Olav den heilage, og udødeleggjort i Halfdan Egedius’ illustrasjon «Seidmennene på Skrattaskjær». Fire seidmenn vart sette fast på skjeret her for å drukne.

Eddy drar på research, men ikkje på eit vanleg faktasøk. Her er det er snakk om ei reise gjennom tid og rom. Han er på jakt etter ei opning inn til scena på Egedius’ teikning for å kome i kontakt med den eine seidmannen på biletet, han med det stirande blikket. 

Det læt kanskje sært, men fungerer fint i romanuniverset, og det er ikkje vanskeleg for lesaren å følgje med på reisa. Eit stykke uti romanen blir det klart at Eddy sjølv ser og oppfattar ting som venteleg ikkje finst der for andre enn han. Det fortidige tar over og tar form, blir konkret, verkeleg – og uhyggeleg. Eddy har vekt til live krefter han ikkje rår over.

Mange botnar

Teksten er fortetta, gåtefull – og på sitt beste spaningsdirrande. Det er òg godt gjort å skrive fram så mange botnar i ein roman, så mange blikk: Lesaren ser både gjennom auga til ein som lever her og no, men samstundes i ei slags parallell røynd, og gjennom auga til ein som levde for tusen år sidan. Attpåtil er vi i nokre få kapittel med Egedius inn i atelieret.

Her er altså minst tre tidsplan og tre synsvinklar: Eddy, seidmannen og biletkunstnaren. Det er nok berre den siste som er så nokolunde til å lite på. Grepet kastar lys over sider ved både notida og fortida, men hadde verka sterkare om Sundstøl hadde variert språket noko meir i dei ulike bolkane.

Her er mange fine passasjar, men språkleg har nok forfattaren vore endå sikrare og strammare i tidlegare utgivingar.

Sjølv om det altså er mykje godt å seie om denne romanen, kjenner eg meg litt tom når han er ferdiglesen. Eg får ikkje tak på kva forfattaren eigentleg vil med alt saman. Kva vil han at vi skal forstå, kva slags nye innsikter skal bli lesaren til del? Er det ein slags kritikk av samtidslitteraturen, er det for diffust.

Ein roman treng slett ikkje logre for lesaren sin, men han må kunne dytte snuten mot den som les, og peike ut ei retning for tanken. 

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast meldar for Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Teksten er for­tetta, gåtefull – og på sitt beste spanings­dirrande.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Christiane Jordheim Larsen

Foto: Baard Henriksen

LitteraturKultur

Sorg og sjølvutsletting

Kva kan djup, djup sorg gjere med eit menneske? I den nye romanen sin freistar Terje Holtet Larsen gi nokre svar.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis