Løgnhalsar i sommarsol
Agnes Ravatns roman frå havgapet er veldreidd som ein luksusyacht, men held seg tematisk på grunna.
Agnes Ravatn har skrive fleire prislønte bøker etter debuten i 2007.
Foto: Agnete Brun
Roman
Agnes Ravatn:
Gjestene
Samlaget
Det er hevda at Noreg er landet der misunning og sjalusi er sterkare enn seksualdrifta. Desse brysame kjenslene er velkjende drivarar for dramatikk, både i røynda og i kunsten. Auka velstand gir nok stadig nye høve til svartsjuke. I Gjestene går det over styr for ein kommunalt tilsett rådgivar når ho og mannen låner ei luksushytte i skjergarden.
Agnes Ravatn har for lengst etablert seg i det litterære toppsjiktet blant yngre norske forfattarar, særleg kjend for ei sikker satirisk klo. I sakprosabøkene sine har ho levert velformulerte og innsiktsfulle tekstar om kulturelle og samfunnsaktuelle tema. Formuleringsevna er på plass denne gongen også, men romansjangeren gir høve til å handsame større tema enn det forfattaren gir oss i denne forviklingskomedien.
Rollespel
Karin er tilsett som juridisk rådgivar i Nittedal kommune like utanfor Oslo, der ho og snikkarmannen Kai også bur. Karin er nøgd med visse sider av tilværet, ho har ein god mann og kjekke barn. I sitt stille sinn veit ho likevel at ho har sikta for lågt i livet. Lesaren får nokre hastige tilbakeblikk på skuledagane i oppveksten, der det meste vart styrt etter innfalla til den manipulerande og herskeglade Iris. På byen ein kveld støyter Karin og Kai tilfeldigvis på Iris, som bed Karin om eit juridisk råd. Som takk vil Iris låne dei hytta hennar.
Hytta er teikna av Snøhetta og «bygd perfekt inn i ei ’naturleg nedsenking’ i landskapet». For Karin blir hytta ein raud klut. Hytta bidrar til «endå meir nederlagskjensle» og hissar til «svartsjuk sjølvrefleksjon». Sjølvrefleksjonen går over i handlingar av eit ganske vilt slag, etter at Karin går over svaberga mot naboeigedomen og får slengt mot seg eit grettent «privat eigedom». Ei Pandoras eske av mørke kjensler blir opna når naboane viser seg å vere ingen andre enn Karins eigen favorittforfattar og mannen hennar. Spelet er i gang. Karin og Kai skiftar identitetar, dei blir tech-gründeren og kraftspekulanten, og dei naturlege eigarane av den luksuriøse hytta.
Truverdet
Det er lite i vegen med plotet, og slett ikkje med språket. Ravatn briljerer i kjend stil med slagferdige replikkar og snertne setningar. Scenene er klipte effektivt til i hastige og frydefulle skift. Ein ler – og raudnar på Karins vegner, ho nektar seg lite når ho først er i gang.
Karakterane er tydeleg teikna, meir som typar enn levande menneske. Slikt er greitt i ein satire. På nokre viktige punkt får eg likevel problem med truverdet i boka. Vi kjem særs tett på Karin, romanen er fortald i eg-person. Her er det noko med forteljarstemma som spriker og skurrar.
Kan ho vere så usikker og fylt av nederlagskjensle og samtidig briljere så til dei grader på frekt og slagferdig vis? Det skal eit visst mot til å kaste seg ut i eit slikt spel og halde det gåande over fleire dagar. Eit endå vanskelegare punkt er premissen for heile spelet – at dei i nabohytta ikkje kjenner sine eigentlege hyttenaboar, altså Iris og familien hennar. Dette siste blir delvis retta opp mot slutten, men då har inntrykket av at ikkje alt går heilt opp, slått inn ein kile av mistru som reduserer lesaropplevinga.
Til eit TV-drama eller ein forviklingskomedie på scenen vil Gjestene fungere heilt suverent. Som roman må eg innrømme at innhaldet kjennest noko smått og grunt.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er lektor, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ravatn briljerer i kjend stil med slagferdige replikkar og snertne setningar.
Fleire artiklar
Nicolas Leirtrø, Øyvind Leite og Amund Storløkken Åse utgjer trioen med namnet I Like to Sleep.
Foto: Sigrid Erdal
Spanande klangunivers
Trondheimstrioen har laga ei mangfaldig plate.
Isbilar er ikkje noko nytt, men heller ikkje nokon garanti for kvalitet.
Foto via Wikimedia Commons
Isbilen spelar høgt, men taper på kvalitet.
Kor mykje vatn er det eigentleg mogleg å ha i ein iskrem og framleis få han til å likne ein fløyteis?
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.