Bok

Livet og døden på fabrikken

Bomullsengelen tek for seg viktig kvinnehistorie, men er ein svak roman.

Susanna Alakoski debuterte i 2006 med ein roman som ho fekk Augustprisen for.
Susanna Alakoski debuterte i 2006 med ein roman som ho fekk Augustprisen for.
Publisert

Langt ute i Bomullsengelen sperrar eg opp auga, boka skildrar ein episode eg kjenner, frå Vinterkrigen mellom Finland og Sovjet: bombinga av Vasa nyttårskvelden 1939 då russarane slepte 200 bomber over den finske byen. Også to kvinner frå Noreg opplevde nemleg helvetet i den finske byen. Tove Filseth og Sigrid Helliesen Lund var på oppdrag på eit sjukehus midt i byen då bombene regna. Sjølve slapp dei frå det uskadde, men dei vart vitne til korleis soldatane på bårene fekk nye kroppsdelar rivne av eller døydde.

At lesaren så langt uti boka brått vakna til, gav meg ein tydeleg peikepinn på at romanen i stort ikkje verkeleg greip meg, trass i ein engasjerande tematikk. Infernoet i Vasa den kvelden er toppen, eller kanskje heller botnen, i dette dramaet. I Bomullsengelen går det nemleg for det meste nedover. Når du ikkje trur det kan bli endå vanskelegare og meir lidingsfullt, skrur Alakoski skruven til endå eit hakk, i ein velkjend narrativ strategi. Målet er sjølvsagt at lesaren storøygd og gripen skal følgje med på ferda fordi ho bryr seg om de stakkars heimsøkte karakterane. For at grepet skal fungere etter hensikta, må likevel andre ting vere på plass. Dette vantar i for stor grad i denne romanen.

Det er synd. Boka syner ein imponerande detaljkunnskap, og researchen må ha vore omfattande; kvinneliv er overalt og alltid dårlegare dokumentert. Dette er soga til småkårsfolk, og først og sist kvinnene si.

«Uekte» barn

Hilda blir fødd som «uekte» dotter på ein stor gard heilt på byrjinga av 1900-talet. Å få barn på denne måten er stor skam, og mora blir råka av ein fødselsdepresjon som ikkje går over. I staden er det matriarken på garden som tar vare på vesle Hilda, på uklanderleg vis. Jenta får kjærleik og kunnskap frå denne bestemte og kloke kvinna. Garden er ein trygg stad der dei ikkje manglar noko materielt, og der menneska står i kontakt med dei rike tradisjonane frå den finske kulturen. Hildas posisjon er likevel usikker. Då ho som sekstenåring gjer same tabbe som mor si, er det ingen nåde. Far i huset jagar henne på dør.

Snart ber det av garde til Vasa by, der Hilda får arbeid på Bomullsfabriken, «Bomulla». Herfrå skriv Alakoski fram ei heilt livsverd som nok sjeldan har blitt handsama så omfattande i nordisk litteratur, kvinnelivet i tekstilindustrien. Forfattaren har sjølv sagt i intervju at hennar eiga bestemor arbeidde femti år på bomullsfabrikk, men aldri fortalde om det. Alakoski har sett seg føre at ho vil fortelje, vil lage spor. Dette er prisverdig. Men veldig stor litteratur har det diverre ikkje blitt av det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement