Bok

Livet i avgjerdsmaskina

Korleis blir drøf­tingar i regjerings­apparatet til politikk?

Dei endelege avgjerdene i regjeringa blir tekne i regjeringskonferansane før det formelle statsrådet på slottet. Her frå ein regjeringskonferanse til Solberg-regjeringa 30. januar 2020.
Dei endelege avgjerdene i regjeringa blir tekne i regjeringskonferansane før det formelle statsrådet på slottet. Her frå ein regjeringskonferanse til Solberg-regjeringa 30. januar 2020.
Publisert


Det norske styringsverket er mellom dei som er mest undersøkt av forskarar. Men vi har kjent lite til kva som skjer når regjeringsavgjerder blir tekne. Boka Regjeringen. Historien, makten og hverdagen av seks historikarar, rettshistorikarar og statsvitarar er eit godt bidrag til å fjerna denne ukunna om statsstyret.

Boka drøftar dei formelle og uformelle rammene for arbeidet til statsrådar, om dei historiske endringane i plassen regjeringane har i styringssystemet, geografisk og sosial bakgrunn, politisk trening og utdanning, kva rolle statsministeren har, og korleis regjeringar og Stortinget spelar saman for å styra landet.

Dei formelle reglane for regjeringane er få. Grunnlova er prega av den tida ho vart til i. Men etter kvart er det kome dokument utarbeidde ved Statsministerens kontor om arbeidet i regjeringane. Reglane fastset korleis statsrådane skal opptre både i formelle og i uformelle møte. Slik vert det politikk av det regjeringane gjer.

Presidentaktig

Det var under Gro Harlem Brundtland og Kåre Willoch på 1980-talet at Statsministerens kontor for alvor fekk den rolla det har som samordnar og rettleiar, leidd av statsministeren. Det pregar no heile den politiske kulturen i landet vårt. Kampen om makta i det norske systemet er blitt presidentaktig.

Våre dagars koalisjonsregjeringar består av parti som ser ulikt på mange politiske spørsmål. Og dess fleire parti regjeringa er sett saman av, dess større er faren for vanskelege konfliktar. Den tidlegare statsråden Gudmund Hernes har hevda at meir enn noko anna treng ei regjering konfliktleiing. Det har gjort det naudsynt å utvikla system for samhandling mellom dei ulike departementa. Til det har alle statsrådane eit politisk hjelpeapparat av statssekretærar, rådgjevarar og mediehjelparar. Denne omdanninga av departementa til sekretariat for politisk leiing var det første steget mot å utvikla eit politisk «reiskapsbyråkrati».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement