Livet er usikkert, et dessert først
Hos Tore Stubberud får måltidet ei langt vidare tyding enn å stille fysisk svolt.
Tore Stubberud har skrive ein sjølvbiografisk Frankrike-roman.
Foto: Kristin Ellefsen
Roman
Tore Stubberud:
Berikelsen
Valdisholm
Å ete for å leve eller å leve for å ete? I Tore Stubberuds nye bok er dette eit irrelevant spørsmål og ikkje nokon motsetnad. Den Østfold-baserte bonden, filosofen, omsetjaren og forfattaren av skjønnlitteratur og sakprosa har skrive ei bok der mat og måltid står i sentrum. Berikelsen har han gitt merkelappen «roman».
Ein annan merkelapp kunne venteleg ha vore «memoarar», den einaste handlingstråden som driv teksten framover (men ikkje heilt kronologisk), er minna og refleksjonane til eg-forteljaren. Ved å kalle boka «roman» står forfattaren friare i skildringane av faktiske tilhøve og menneske som har levd. Møte med menneske i inn- og utland er (nesten) like viktige som maten.
Om bøker av denne typen skal vere leseverdige, står og fell på om det språklege held mål. Stubberud lykkast langt på veg. Boka er som ei danningsreise full av spontane innfall og hendingar, der danninga aller mest skjer gjennom maten. Det er sjeldan ein ser så detaljrike og sanselege skildringar av mat, av synet av han, lukta sjølvsagt, og ikkje minst alle nyansane i ulike smaksopplevingar og dessutan av menneske som et. Som ved eit godt måltid er boka best om ein lener seg tilbake og nyt, utan altfor mange kritiske spørsmål.
Svolt og metafysikk
Trongen til å mette seg blir gitt ei metafysisk tyding i denne boka. Svolten driv mennesket, ikkje berre etter å stille hungeren, men etter å strekke seg, nå langt ut over sin eigen kropp og ut i verda.
Alt byrjar heime i Stubberuds heimtrakter, Borgenhaugen utanfor Sarpsborg, der det bur «fem hundre sjeler og en håndfull høyrefolk». Det er eit arbeidarklassemiljø der dei fleste har eit stridt liv. Borregaard har vore eit sentralt namn i norsk industri i fleire hundre år, særleg cellulosefabrikken grunnlagd tidleg på 1900-talet.
Miljøet Stubberud skildrar, er prega av fattigdom og utnytting, alkoholisme og pietisme. Men denne forfattaren er slett ikkje ute etter sosialrealisme. Her er det vitaliteten i samfunnet som er sentralt: det rike og mangslungne samlivet, originalane, humoren, undringa – og først og sist begjæret og nytinga.
I barndomen til forteljaren er besteforeldra Selma og Anton sentrale, og måltida deira. Anton er ein merkt mann, av spanskesjuka og psykiske vanskar, men ovleg glad i mat og å ete, særleg mergbein som han knuser med ein hammar. Brødet er noko heilagt, eit midtpunkt og eit minne om uttoget frå Egypt.
Frankofili
Alt som gutunge drøymer eg-personen om Frankrike. Selma lagar enkelte rettar med franske namn, og at det måtte bli Frankrike, blir lagt fram som ein lagnad, ein «styrelse».
Det blir studiar i fransk språk, litteratur og filosofi og mange, mange reiser til dette landet. Seinare får han sitt eige hus innanfor middelhavskysten og sterke venskap med innfødde. Heime att i Østfold aler han opp franske kyr som ikkje forstår norsk, men må talast til på fransk.
Her er fine betraktningar over gleda over å møte dei framande: «Gleden ved de fremmede var at de ikke var som oss, og at de ville møte oss, ikke lukke oss ute, at de så oss slik vi var, vi som hadde vært her så lenge. De fremmede hadde så mye de kunne fortelle om (…) [som] var fremmed, men de hadde munn, hode, armer og ben som andre mennesker.»
Gleda, maten, møta, Frankrike, alt dette er «berikelsen» som bind teksten saman, trongen etter det gode og etter å nyte, ikkje som noko hedonistisk, men noko djupt vitalt og menneskeleg. I desse innestengde, pandemiplaga tidene vi lever i, er det ei lise å lese ein så livfull tekst om livets gode.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast meldar for Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Som ved eit godt måltid er boka best om ein lener seg tilbake og nyt.
Fleire artiklar
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.
Foto: Lise Åserud / NTB
Språkfag i spel
Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.
I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Om Gud og lausriving
Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.