Bok
Litterært feltarbeid
Sindre Aven løftar fram verdien av det verdilause.
Sindre Aven er utdanna ved handelshøgskulen i Bergen. «Arkeologene» er debuten hans som forfattar.
Foto: Marie von Krogh
Sindre Aven (f. 1985) frå Tananger debuterer med ei samling korttekstar, Arkeologene, med undertittelen En utgravning. Dei 51 tekstane varierer i lengde frå eit par liner opp til fleire sider i ei veksling mellom «Arkeologiske notater I–X» og «Betraktning over arkeologene I–X». Mellom desse tjue notata og betraktningane er det tekstar med sjølvstendige titlar som for eksempel «Fornminnevokteren», «Åstedet» og «I rettssalen».
Aven innleier med ein aforisme av Per Roald (1912–2001): «De som virkelig graver etter røttene, blir mindre og mindre synlige i landskapet», og Aven leverer sjølv konsentrerte og kresne aforismar undervegs av typen «Jorda er et vindu mot fortida som arkeologene tørker støv av» og «Et postkort til arkeologen tre uker etter utgravinga: ‘Jeg bor like ved, der hvor du gravde meg opp.’»
Overflatisk notid
Dette med å få fortida i tale er noko av det Aven søker etter, anten gjennom essayistiske og nøkternt realistiske oppslag eller gjennom absurde og makabre tekstar der fortida og historia slår tilbake mot ei moderne og overflatisk notid. «Det er de som kjenner prisen på alt, men ikke verdien av noe», er ein kjend aforisme av Oscar Wilde, og motsetninga mellom utbygging og bevaring er ein konflikt Aven tar opp med glimt i auget. Eg løftar gjerne fram «Fornminnevokteren», «I rettssalen» og «Åstedet» som høgst leseverdige. Der snur og vender Aven på leikent vis på inngrodde førestillingar om kva som er av verdi, og kva som er verdilaust, for eksempel ei steinhole der det har budd folk i 8000 år.
Bare skrot
Aven er heller ikkje utan sjølvironi: Han har kjøpt seg metalldetektor og lever «i symbiose med arkeologene». Det han finn, er ikkje anna enn skrot: ein halv hestesko, eit leverposteilokk og anna småtteri som aldri vil hamne på museum. Men draumen om eit vikingsverd lever vidare...
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.