Bok
Litterær byvandring
Ravn Lanesskog er ein framifrå quizmaster for litterære feinschmeckerar.
Ravn Lanesskog er utdanna filmmanusforfattar og debuterer med roman i år.
Foto: Ida Meyn
Eg vel å starte bokhausten med ein roman frå vårparten fordi Ravn Lanesskog (f. 1978) skil seg ut frå den gjengse debutanten ved å vere svært skrivefør, original, underhaldande og med eit streif av alvor kring kollektivt minne og kollektiv gløymsle.
Ramma rundt teksten er eit forord og eit etterord ved Ravn Lanesskog; sjølve teksten er Fridtjof Hansens dagbok, som Ravn Lanesskog får overrekt på Vår Frelsers gravlund der Fridtjof Hansen har lagt seg ned for å døy og for å finne ein til å jordfeste seg.
Utanforskap
Romanen handlar om einsemd, utanforskap og lengten etter å bli sett, men Fridtjof Hansen tar aldri steget inn i det verkelege livet. I staden forskansar han seg i antikvariatet til faren og les seg skrullete på verdslitteratur og norsk samtidslitteratur, slik at heile identiteten hans blir litterær, tidsforvirra og innanfor Oslo eller Christiania dei siste hundreåra.
På sine eldre dagar og i ei elendig forfatning søker han på ei stilling der det blir søkt etter ein som kan fortelje ei historie. Det er hundre søkarar som blir silte gjennom opptaksprøver over fleire dagar. Her leverer Lanesskog ei herleg ironisering over norsk samtidslitteratur, for dei fleste av søkarane er kjende forfattarar, anonymiserte, men ikkje verre enn at ein kjenner igjen Dag Solstad, Ari Behn, Jo Nesbø, Anne B. Ragde, Åsne Seierstad og Frid Ingulstad, for å nemne eit knippe.
Oppgåvene er å levere litterære sitat og anekdotar, og her briljerer Fridtjof Hansen og går til finalen, men trekker seg og går arm i arm med Frid Ingulstad ut av Den store litterære sal, bort frå arrangørane som til forveksling liknar Henrik Ibsen og Samuel Beckett.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.