Bok

Lingvistikk for kvar smak

Gaston Dorren tar for seg spesielle historier og merkverdige lingvistiske sider ved 20 språk.

Publisert

Gaston Dorren er ein nederlandsk forfattar som har spesialisert seg på sjangeren «populærlingvistikk». I 2017 gav han ut Lingo, som tar for seg over seksti europeiske språk og beskriv «særheiter» ved dei på kåserande vis. I år har han kome med ei bok som omhandlar tjue språk, og her går han djupare inn på bestemte tema med utgangspunkt i desse språka.

Mest brukte

Han har valt ut dei tjue språka som i globalt perspektiv har flest brukarar, med engelsk på topp med 1,5 milliardar brukarar, kinesisk (mandarin) som nr. 2 med 1,3 milliardar, spansk som nr. 3 med 575 millionar. Dette får han til ved å inkludere både morsmålsbrukarar og andrespråksbrukarar. Skulle han berre halde seg til morsmålsbrukarane, ville resultatet blitt heilt annleis. Da ville mandarinkinesisk tårne opp over alle dei andre med 900 millionar, med spansk langt etter på andreplass med 425 millionar, og engelsk først på tredjeplass med 375 millionar. Som morsmål dekker dei tjue språka halvparten av folka på planeten, men over 75 prosent kan kommunisere på eitt av dei, anslår han.

Nøkkelfakta

Med den metoden han har brukt, får han blant dei tjue største med seks opphavleg europeiske språk, tretten asiatiske og eitt afrikansk. Desse rangerer han med det minste (vietnamesisk) først og engelsk til slutt – slik at kapittelnummereringa går frå 20 til 1. Kvart kapittel innleier han med nokre nøkkelfakta om språket på éi side, og så følgjer hovudkapittelet som konsentrerer seg om eit fritt valt emne med tilknyting til og utgangspunkt i det aktuelle språket. På den måten får han framstilt og drøfta mange ulike aspekt ved språk, språkbruk, språkkamp og språkmakt. For det meste framstiller han stoffet i vanleg forteljande prosa, men to kapittel har form som dialogar (spørsmål og svar, om persisk og engelsk) og eitt omfattar ei ordliste over internasjonalt kjente ord frå det aktuelle språket (arabisk).

Emneområda for dei ymse kapitla kan grupperast slik:

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement