Bok
Lever ikkje opp til ambisjonen
Rammeverket Synne Corell byggjer rundt dei prisverdige forskingsfunna, held ikkje.
Synne Corell er historikar med doktorgrad frå Universitetet i Oslo.
Foto: Hilde Holthe-Berg
Historikar Synne Corell har sett seg føre å fortelje «historien om det norske holocaust på ny, med den økonomiske forfølgelsen som innfallsvinkel», som det heiter i baksideteksten. Her vert det òg lova nye «kilder og analyser [som] gir en annerledes tidslinje for forfølgelsesprosessen, og en ny forståelse av hva det norske holocaust egentlig var».
Denne ambisjonen synest eg ikkje ho lukkast i å oppfylle. Corell meiner mellom anna å kunne påvise at prosessen med å skilje dei norske jødane frå samfunnet elles, starta tidlegare enn vi har trudd, men så langt eg kan sjå, legg ho ikkje fram nye kjelder av ein slik art at dei dannar grunnlag for ei omkalfatrande endring av tidslina for jødeaksjonen i Noreg.
Formueskonfiskering
Sentralt i Corells analyse står ein ordre frå Berlin i mars 1942 om å innføre ei forordning om konfiskering av formuen til tyske jødar også i Noreg, noko Corell meiner «innebærer at det på dette tidspunktet trolig var avgjort at beslutningene om deportasjon og massemord omfattet det norske territoriet».
Problemet er berre at denne forordninga aldri blei formelt implementert av den tyske okkupasjonsmakta i Noreg, men derimot stadig utsett, heilt til deportasjonen gjorde ho overflødig. Corell meiner dette kan tyde «på at tidspunktet for deportasjonen ble skjøvet framover flere ganger», men kan ikkje forklaringa rett og slett vere at forordninga ikkje hadde noko med dei konkrete avgjerdene om å deportere jødane å gjere?
Slik eg ser det, er Corells tolkingar av kjeldene i døme som dette lite overtydande, og dei ber tidvis preg av etterrasjonalisering. Corell gir mellom anna inntrykk av at dei økonomiske tiltaka som blei innførte mot dei norske jødane, måtte gjere det klart at jødane også stod i fare for å bli deporterte. No som vi veit historiefasiten, trer sjølvsagt eit tydeleg mønster fram. Men kvifor då starte med tiltaka under krigen, og ikkje til dømes Hitlers tale den 30. januar 1939, då han uttalte at ein ny verdskrig ville føre til utrydding av jødane i Europa?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.