JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Levande kulturhistorie

Den gamle bygdekulturen som Ivar Kleiven formidla på ein særeigen måte, er like verdfull i dag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Huset frå garden Bjørnstad i Vågå står no på Maihaugen.

Foto: Herman Major Schirmer / Riksantikvaren

3776
20200619
3776
20200619

Historie

Ivar Kleiven:

I gamle Daagaa. Forteljingo og Bygda-Minne fraa Vaagaa

Ved Gudmund Harildstad og Kristoffer Kruken
Novus forlag

I Gudbrandsdalen er Ivar Kleiven (1854–1934) nærast ein institusjon. Han var folkeopplysningsmann, målmann, politikar, turistvert og gardbrukar, men framfor alt bygdehistorikar og tradisjonssamlar som gav ut lokalhistorie for dei fleste bygdene i dalen.

Ivar Kleiven verka i ei tid med store økonomiske, sosiale og kulturelle endringar. Det var òg ei tid då heimbygd, kulturarv og norsk sjølvhevding var viktige tema. Ein sentral tanke hjå mange var at samnemnaren for det norske fanst på landsbygda, og det var viktig å syna fram kva bygdene hadde. Det er i denne tradisjonen Kleiven ruvar som ein av dei fremste eksponentane.

Hovudverk

I gamle Daagaa. Forteljingo og Bygda-Minne fraa Vaagaa (1908) blir rekna som eit av hovudverka til Kleiven og ligg no føre i ei nyutgåve ved Gudmund Harildstad og Kristoffer Kruken. I boka får vi høyra om skrømt, kjemper og bygdekunstnarar. Her er segnene om Riddarspranget og om Jutulen og Blessomen, og ein bolk om ættene på femten av dei største gardane i Vågå, Sel og Heidalen. Nokre av dei kan vi fylgja attende til mellomalderen, og bolken gjev oss også eit lite innblikk i noregssoga, som kristningsferda til Olav den heilage i 1021.

I nyutgåva er ætteoversyna grundig kommenterte av Klaus Johan Myrvoll i eit eige kapittel. Myrvoll framhevar ættekjensla hjå Kleiven, men seier òg at ho ikkje er utan kritikk. Mellom anna var Kleiven kritisk til ekteskap innanfor ætta, noko som var heller vanleg på hans tid. Sjølv om nyare granskingar har synt at Kleiven har gjort ei og anna feilslutning, seier Myrvoll at dette ikkje rokkar ved det imponerande og originale arbeidet som ættesogene er.

Dialekt

Ein viktig del av bygdekulturen er dialekten, og ein dialektnær tekst kan vera med på å framheva det lokale særpreget. Å skriva på dialekt byr på vanskar, og det er mange omsyn å ta. Den fyrste boka Kleiven gav ut, Segner fraa Vaagaa (1894), var skriven på vågåmål med lydskrift. I gamle Daagaa er òg på vågåmål, men med tilnærma normalortografi, og i føreordet grunngjev han endringa med at lydskrift gjorde lesinga vanskeleg for ’ulærde’ lesarar.

Utgjevarane av nyutgåva vier innleiinga si til nettopp å drøfta vanskar knytte til språkforma. Å nytta vanlege bokstavar i staden for lydskrift gjer lesinga lettare, men samstundes nærmar teksten seg det normerte skriftspråket, og ein må heile tida vega talemål mot skriftmål. Kva med lydar vi ikkje har bokstavteikn for, til dømes tjukk l og palatal uttale? Kva med såkalla stumme lydar? Harildstad og Kruken understrekar at full konsekvens kan ein aldri få i ein slik tekst, men rettingane og justeringane deira er berre småting på overflata.

Eg vil leggja til at å skriva og bli forstått på dialekt gjeld meir enn ordbøying og lydar, det handlar også om til dømes ordval og uttrykk, og her ligg kanskje den største utfordringa. Som hjelp var det i 1908-utgåva vel 600 fotnotar med ordforklaringar. I nyutgåva er desse utvida med om lag 150 nye notar.

I gamle Daagaa er lokal kulturhistorie der munnleg tradisjon er fletta saman med funn i gamle dokument og fortald i eit språk som gjer boka til levande litteratur. Då boka kom ut i 1908, fekk Ivar Kleiven mykje ros, og ho vart kalla eit standardverk. I dag er lokalhistoriesjangeren ein annan, men den særeigne måten å formidla den gamle bygdekulturen som Kleiven representerer, på, er like verdfull. All ære til utgjevarane og Novus forlag.

Terje Larsen

Terje Larsen er norskfilolog.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Då boka kom ut i 1908, fekk Ivar Kleiven mykje ros, og ho vart kalla eit standardverk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis