Bok

Lengten etter sanninga om alt

A.C. Kleppe skriv fascinerande tekstar om draum, sanning, fysikk og mystikk.

A.C. Kleppe er fysikar og har skrive fleire diktsamlingar før den første romanen, som er ute no.
A.C. Kleppe er fysikar og har skrive fleire diktsamlingar før den første romanen, som er ute no.
Publisert

Det hender at ein får geniale idear i draumane, men det syner seg diverre oftast at det berre er der dei er geniale. Stundom opplever ein også djup, brå og uventa innsikt når ein er vaken, ja, ein er nær ved å forstå sanninga om eksistensen, men så går det over, og alt er flokut som før. Slike visjonar og draumar er det mange av i boka Aldo Meyers visjon av A.C. Kleppe. Nokre av dei gjeld fundamental kunnskap om korleis alt heng i hop i universet, andre har med mellommenneskelege tilhøve å gjera.

Innsikt

Kleppe skriv med stor innsikt i spennande emne i randsonene av moderne fysikk, noko som ikkje er så rart, sidan ho også er fysikar. Ja, mang ein fysak er fysikar, men få har Kleppes forfattartalent, og endå færre slikt eit repertoar som ho syner i denne boka.

Når ein likevel ikkje alltid får det store hakesleppet av A.C. Kleppe, kjem det av at ho prøver seg på ein svært vanskeleg kombinasjon mellom det trivielle som gjer teksten plausibel, og det spekulativt ekstraordinære som gjer han spennande.

Tidleg i boka er til dømes ein fysikkprofessor, Oskar Sonne, så til dei grader berre fysikar at han vert noko sjablongaktig. Sagt på ein annan måte: Den som er heil ved, har alltid treskalle. Her minner Kleppe meg litt om Gert Nygårdshaug, den spennande kunnskapen får prioritet, og personane vert tidvis skuggar av seg sjølve. Men Kleppe har som før skrive eit stort repertoar, og snart får lesaren ta del i dei daglege tankane til personane, og ikkje minst registrera replikkane deira, for tekstane er ofte replikkdrivne, som små skodespel, og ein av dei er rett og slett ein einaktar.

Kleppe kastar ikkje bort tid på introduksjonar. Kven personane er, og kva for relasjonar dei har til kvarandre, går fram av teksten etter kvart. Dette er med på å gjera stilen effektiv og kjennest som ein honnør også til lesaren, som dermed lyt ta del i diktinga sjølv. Dette er ikkje typisk for det som elles vert kalla forteljing.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement