Lengten etter å bli sett
Michael Rindahl skriv opp mot Vesaas utan at det verkar sjenerande.
Michael Rindahl er romandebutant.
Foto: Julie Pike
Roman
Michael Rindahl:
Gammelgresset
Gyldendal
I 2015 gav Forfattarstudiet i Tromsø ut ein tekstantologi med smaksprøver på det studentane hadde jobba med gjennom året. Her møtte eg Michael Rindahl for første gong, i eit seks sider langt romanutdrag. Berre geografien og ei resignert grunnstemning i teksten er ført vidare inn i den romanen han no debuterer med i ein alder av 28 år, Gammelgresset.
Språklaus
Vi er i Vesterålen, nær Sortland og Strand, der Rindahl sjølv er frå, og vi er inne på fastlandet, dit Edvin Strand flyttar når det ikkje lenger er leveleg på Saltøya, der han har budd heile livet, fram til ein alder av 62. Han er ungkar, ein folkesky einstøing, tafatt og bortkommen, overkøyrd av utviklinga og med blikket retta bakover mot det som var før øya blei fråflytta og overtatt av hytte- og feriefolk utan respekt for samanhengane. Det er vondt for Edvin, men han er utan evne til å finne ord. Dette språklause hos Edvin, saman med ei sterk naturkjensle, får meg til å tenkje i retning Vesaas og Fuglane, denne vedunderlege forteljinga om søskenparet Hege og Mattis, for Edvin har også ei søster som han kan tenkje seg å flytte inn hos, sidan ho er enkje og opp i åra. Men å formidle denne tanken får han ikkje til, og han håpar at sjakkvennen Jakob kan hjelpe han med det.
På rømmen
Dette blir det likevel ingen ting av, for brått tar handlinga ei ny vending, når Edvin rømmer til skogs for å sleppe unna 70-årsdagen til søstera, der han vil treffe folk han ikkje får til å snakke med. I fleire dagar er han på rømmen, fram til han oppsøkjer ein gammal onkel. Han har ein båt i naustet, gissen og lekk som ein sil, og denne båten ror Edvin utover fjorden i, nett slik Mattis rodde utover vatnet til båten sokk under han.
Edvin blir redda ved eit tilfelle og tatt vare på, ikkje av helsevesenet, men av dei næraste, og sluttscenen gir samtidig eit glimt av håp i alt det håplause.
Kva slags roman er så dette? Heimstaddikting? Skitenrealisme? Kanskje begge delane og kanskje ingen av delane, for det som ber denne teksten, er verken den geografiske forankringa eller ein røff og maskulin realisme. Styrken ligg i skildringa av eit vart og sårbart menneske som har mista fotfestet og meininga med tilværet og ser forsvinning som eit alternativ. Han tar ikkje vare på seg sjølv, men ventar å bli tatt vare på, ventar å bli sett når han søker det usynlege.
Språket er prega av både Edvins sjenanse og evna han har til originale observasjonar i uttrykk som for eksempel: «Det han satte pris på hos Jakob, var evnen til å sitte ved et bord.» Eller «Yttergangen var ikke innredet for lange samtaler.»
Slike presise, mangetydige, aforismeaktige og ganske så originale uttrykk finst det mangfaldige eksempel på. Det viser ein språkbevisst forfattar som ein gjerne kan stille forventningar til.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kva slags roman er så dette? Heimstaddikting? Skitenrealisme?
Fleire artiklar
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.