Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Lengt, lyst og liding

Wenche Mühleisen har skrive ein ny, viktig roman om lidenskap og lengt hos eldre kvinner.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Wenche Mühleisen er utdanna medievitar og kjønnsforskar.

Foto: Rolf M. Aagaard

3699
20240126
3699
20240126

Roman

Wenche Mühleisen:

Alt jeg frykter har allerede skjedd

Gyldendal

Norsk-austerrikske Wencke Mühleisen har vore ein kjend figur i den norske allmenta gjennom fleire tiår, som banebrytande performance-kunstnar og professor i kjønnsforsking, dei siste åra også som romanforfattar.

Årets bok er eit frittståande framhald av romanen som kom for tre–fire år sidan, Redd deg selv, lille hjerte. Båe er modige og delvis sjølvbiografiske skrifter om tema som ikkje så ofte blir handsama i litteraturen. Problemet Mühleisen denne gongen set under debatt, er korleis eldre, single kvinner skal møte det faktum at det er så få attraktive menn att for dei.

Konkurransen er knivskarp. Kvinner over ein viss alder har rett og slett ikkje dei same sjansane som jamaldrande menn har til å finne seg ein kjærleiks- eller sexpartnar. Den røynde feministen Mühleisen trekkjer ein relevant parallell til andre sosiologiske samanhengar. Ho peiker på at det ikkje er annleis her enn på andre område i samfunnet: Som kvinne må ein gjerne fleirdoble innsatsen for å nå målet.

Dette er utgangspunktet for handlinga i boka: Kva skal til for å finne seg ein ny mann når ein nærmar seg sytti?

«Det er sympatisk skildra, attkjenneleg i alt det sårbare, flaue, og tidvis humoristisk og underhald­ande.»

Livsverd og liding

På dei første sidene av boka blir vi kjende med livsverda til den einslege kvinna som fører ordet. Denne delen er nok den beste i heile romanen, i alle fall språkleg sett. Med sterke metaforar og eit levande språk kjem vi heilt inn i livsverda og lidinga til kvinna. Ho kjenner seg hudlaus og heimlaus etter brotet med mannen ho levde med i mange tiår og fekk ein son med.

Vener har ho, og eit engasjerande arbeid. Ho bur i eit fint husvære sentralt i Oslo, som er byen ho syklar rundt i, og er tydelegvis i svært god fysisk form. Men ho er aleine, «ravende ensom og fri». Attpåtil er det koronatid, det sosiale er stengt av i stor grad. Skal ho halde fram med å halde seg i live for å vere høfleg? Nei, det må takast eit tak, kjenner ho. Det svoltne «kroppsdyret» (og vi snakkar ikkje om svolten i magen) dyttar henne utpå – for å søkje nye objekt for lyst og lengt.

Ho gjer som så mange andre i vår tid, «går på Tinder». Nettdating er ei eiga skål, og denne kvinna er ein «fersking» på feltet. Ho får nokre treff, men er full av tvil. Korleis skal ho orke å vere nær ein heilt framand kropp? Og enda vanskelegare: Kan ho makte blikket frå ein annan, eit totalt ukjent menneske, på eigen aldrande kropp?

Konstruert

I resten av boka følgjer vi hovudpersonen i Oslo og andre byar medan ho prøver ut ulike konstellasjonar og grader av nærleik: eit par tinderdatar. Ein gamalkjæraste frå ungdomen. Og mot slutten to overraskande hendingar som ikkje skal røpast her. Det er sympatisk skildra, attkjenneleg i alt det sårbare, flaue, og tidvis humoristisk og underhaldande.

Innimellom kjem avsnitt der Mühleisen mønstrar sitt faglege forskarblikk på byar ho besøker (særleg Berlin) og på sosioøkonomiske tilhøve. Det er interessante refleksjonar i og for seg, men likevel mister ho meg somme gonger her. Noko av dette kjennest for utanpåklistra. Det språklege nivået har òg ein dalande kurve utetter i romanen.

Alt jeg frykter har allerede skjedd har mange kvalitetar. Romanen blir likevel svekt av at forfattaren ikkje lykkast heilt i å lage den syntesen av vesentlege emne og kunst som nok er målet. Som roman blir det heile litt konstruert, og nettopp ikkje så organisk som temaet lengt og lyst fordrar.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Opprørssoldatar ved ei brennande kiste i mausoleet til Hafez al-Assad, som styrte Syria frå 1970 til han døydde i 2000. Mausoleet til den tidlegare diktatoren står i landsbyen Qardaha i Latakia-provinsen nordvest i landet.

Foto: Aaref Watad / AFP / NTB

Samfunn

I oska etter Assad

Ikkje alle i Syria jublar over at diktaturet har falle.

Per Anders Todal

Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– Populisme er ikkje noko å vere redd for

Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.

Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.

Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Uviss lagnad for Syria

Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.

Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Leiken kjærleik

Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.

Lysspel på fasaden av Notre-Dame 6. desember,  fem og eit halvt år etter brannen som la katedralen i ruinar.

Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTB

Feature

Frå oskehav til lysfest

PARIS: Notre-Dame kan atter bevege, forkynne og forføre.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis