Læresvein i draumeritt
Erlend O. Nødtvedt overraskar så å seie alltid.
Erlend O. Nødtvedt fekk Mads Wiel Nygaards legat 2019 for den samla forfattarskapen sin, som rommar både diktsamlingar og romanar.
Foto: Elias Dahlen
Dikt
Erlend O. Nødtvedt:
Olav Nygards seng
Aschehoug
I diktboka Olav Nygards seng stig Erlend O. Nødtvedt inn i svevnen, draumen og nattas rike. Lesaren blir vitne til ei visjonsferd som blir utløyst av ein rekvisitt, den gamle senga til lyrikaren Olav Nygard (1884–1924). Dimed står også desse dikta med ein fot i romantikaren Nygards visjonsrike lyriske univers. Søvnen er også bilete på døden. Nygard vert omtala som dødsdiktar.
I lyrikkbøkene til Nødtvedt vil ein finne overgangsstader, til dømes ei grind, ein port, ei luke eller ei opning – som fører både det lyriske språket og det lyriske eget ut or det vande og kvardagslege og inn i ei verd der festegrunnane i det dagklare losnar.
Eit vilt sengeritt
Det heile startar med at det lyriske eget får hjelp til å plassere Olav Nygards seng på tørkeloftet. Familien vil ikkje ha den gamle, smale senga i husværet. Ei natt smyg eget seg opp på tørkeloftet, legg seg i senga med den harde sengebotnen og sovnar momentant. I draumesyn kjem draumesystrene Ingerid og Anima til senga. Dei kjem etter kvart til å buksere senga ned til breidda av Bolstadelva og setje ho på vatnet. Det vert til eit vilt sengeritt nedover elva.
Slik er ramma for komposisjonen. Komposisjonen skal forresten ifølgje eit dikt vere drøymd fram ved hjelp av to drøymde ord. Men å kome frå draumen attende til den verkelege verda igjen er ikkje så enkelt, for alt som oppstår i draumen, verkar som det havarerer når dagen kjem, for «når jeg morgenrød mottar skytalestokken/ og folder ut lærreimen/ er nattens mening uoversettelig».
Når ein lèt seg føre gjennom ei av Nødtvedts diktbøker, blir ein alltid overraska. Av eit stort tilfang av klangar, ord og uføresette ordsamansetjingar. I tillegg maktar poeten å innlemme mykje kunnskapsstoff i dikta, sprekkeferdige som dei er av referansar til alt frå Zigiqu-tavlene frå Hammurabidynastiet til tilvisingar til antikke mytar, til eventyr og folketru og til vitskaplege termar for ulike søvn- og draumeproblematikkar.
Fleire parallellar
Sengeferda utmerkar seg ved at ho rommar alt frå voggesongar til dikt som forbannar morgonlyset. Så bør det nemnast at det heile tida er eit spel med kva som er reelt, kva som er drøymt, kven som er drøymd av kven, ja, ein eigenskap ved draumeverda er at ho, lik Bolstadelva, er høgst strøymande.
Fleire parallellar finst sjølvsagt mellom Nødtvedts bok og Nygards liv og dikting. Einskilde Nygard-sitat opptrer. Den tuberkulosesjuke Nygard diktar også mot slutten av livet sitt horisontalt, frå sjukesenga: «Eg ligg her seglbudd; alle mastrer svagar/ i brotsterk byr», som det heiter i eit Nygard-dikt. Det er som om Nødtvedt fullfører noko Nygard ikkje fekk gjort ferdig på grunn av ein tidleg død.
I draumesynene kjem den sjuke Nygard seg til Italia, for å «tørke lungene». Tittelen på den fjerde og siste diktboka til Nygard, Ved vebande (1923), som tyder ei innhegning rundt det heilage, synest også å gjelde for Nødtvedts poetiske skrift, men då som ei innhegning som avgrensar det poetiske livet og språket. For ein poet gjeld det å bryte seg gjennom innhegninga. Det har Erlend O. Nødtvedt igjen gjort med denne boka.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.