Bok

Lærerikt og engasjerande

Svolt i Norden er ei engasjerande bok som gir godt grunnlag for vidare diskusjonar.

Publisert

Olav Randen skriv denne boka først og fremst fordi han meiner kunnskapen om svolt i Norden kan vere med på å gjere slike kriser mindre sannsynlege i framtida. Derfor går han gjennom ei rekke utvalde svoltperiodar frå sist på 1600-talet til og med første verdskrigen, og formidlar kunnskap frå europeisk og nasjonal forskingslitteratur til lesarane.

Eit eksempel er den relativt nye forskinga om korleis vulkanutbrot har verka inn på klimaet og dermed levekåra. Lesaren får samtidig innblikk i samfunnsforhold og historie i dei ulike nabolanda, noko mange av oss elles ikkje får for mykje av. Ikkje minst gjeld det den finske historia.

Dei fleste av dei utvalde krisene blei utløyste av mellombelse klimatiske endringar, i to tilfelle var krig og blokadar utløysande årsaker. Lesaren blir tatt med i kvardag og tenkemåtar i dei ulike epokane. Eksempel frå minnemateriale og skjønnlitteratur gjer dei historiske periodane levande. Dei nære, nesten filmatiske skildringane gjer det blant anna lett å sjå for seg landskapet etter eit vulkanutbrot, den svenske familien som hadde lagt seg for å døy, eller faren som slo i hel sonen sin.

Høge dødstal

Svoltperiodane er kjenneteikna av høge dødstal. Dei høgaste var i Finland sist på 1600-talet, då mellom ein firedel og ein tredel av befolkninga døydde av svolt og sjukdommar. Som oftast er det uråd å skilje mellom dødsfall av svolt og av smittsame sjukdommar hos svekte, underernærte personar. Skiljet mellom å svelte og å leve i fattige kår blir dermed forståeleg nok heller ikkje så tydeleg i boka. I nokre område var borkebrød fast kvardagskost. Randen legg stor vekt på korleis makt- og eigedomsforhold på ulike måtar styrte kvardagen og matinntaket til småkårsfolk i Norden, og at styresmaktene gjorde lite for å hjelpe i krisetider.

Det kan vere grunn til å diskutere i kor stor grad første verdskrigen var ein svoltperiode i Norden. Randen viser kva innføringa av frihandel, med auka kornimport og nedgang i innanlands korndyrking, fekk å seie for matberedskapen under krigen, men auken i dødstal kom helst av at svært mange døydde etter å ha blitt smitta av spanskesjuka. Samtidig er det påvist at dei fattige var overrepresenterte blant dei som døydde av spanskesjuka. I Finland døydde også svært mange i borgarkrigen i 1918 og i fangeleirane etter krigen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement